lørdag 1. januar 2011

Godt aor!

Det er eit nytt år. Nye moglegheiter på gang. Nye sjansar, nytt av alt. Bortsett fra det du sleper med deg fra året før, men gjort er gjort, så det må du berre leve med. Det går ikkje an å berre gå gjennom elva og bli rein. Eller hjort.

Men som alle andre må ein jo oppsummere litt. 2010 har vore eit skummelt år. Både privat og på jobbfronten. Det har gått fra djupe dalar med "har eg råd til mat neste veke?!" til "huhei, spontanshoppe Playstation 3!", og det er jo artig. Eg likar jo på ein måte å sjå begge sider av medaljen om eg kan. Det å få dimensjonar på ting er alltid sunt, og gjer at ein sett pris på det ein har i større grad. Det er viktig.

2010 har og vore året som har stabilisert seg på venne- og trivselsfronten. Eg går rundt og er overraskande glad, til og med tatt i betraktning kor sliten eg både er og har vore i lange tider. Eg overraskar meg sjølv i blant, for eg burde vore grinete og furt mykje oftare enn eg er. På ein eller annan vanvittig måte har eg klart å balansere jobb, fritid og skule sånn nokonlunde greit, på tross av at fritidsbiten har fått gjennomgå litt drøyt i blant. Eg har i alle fall komt i mål! Opplevelsar har det og blitt litt av, festivalsommaren er som alltid triveleg, og det er stas å gjeve inntrykk på andre under Målrock. Tur til Berlin i november var og ein definitiv höjdare i året som har gått.

Av musikk som har blitt utgitt i 2010 må eg jo trekke fram litt:

  • Kent - En Plats i Solen. Den dukka plutselig opp, ganske uventa faktisk. Når det er godt under eitt år sidan førre plate er det naturleg å møte den med skepsis for at ein har forhasta seg, men den var absolutt ikkje ille, og endte med å vere sommarens køyremusikk.
  • Zeromancer - The death of romance. Ein tur til Oslo og innom Alex i room 13, studioet han hadde fram til mars og høyre på plata og få servert kaffe og heimebakte kaker, det er fint det! Plata var jaggu ikkje så dum den heller, sjølv om det her heller ikkje var meir enn eit år sidan forrige plate. Stor stas at Lorry og har bidratt litt og at gamle red 7-låtar får ny drakt og blir utgitt på respektabelt vis.
  • Susanne Sundfør - The Brothel. Hadde ikkje somla meg til å sjekke ut Susanne Sundfør før Kaja var overivrig på Slottsfjell og vi satt på klissblaut duk framfor Kongescena med nyinnkjøpt kaffeavtale fra Friele og eg lot meg overbevise av dama ved pianoet. Det var ikkje berre kalde kle og ein sliten kropp som gav frysningar da.
  • Diverseting: Ultra Sheriff har vore morro når ein skal danse eller berre vere litt tilbakeståande, vi hadde ein kjempeålreit tur til Lillehammer der vi blei musikalsk utslått av Pelbo og det var stor stas for min del når Dunderbeist omsider ga ut ein EP på norsk. 
For 2011 er det og nokre musikalske høgdepunkt:
  • Kaizers gir ut første del av Violeta Violeta-trilogien, og skal stå på scena i Oslo Spektrum i april. Spennande er vel ordet for begge deler, bortsett fra at eg tippar at eg kjem til å takle det musikalske fjaseriet til Janove ganske fint denne gangen og, det kan jo vere at det ikkje blir så dumt å feire bursdagen sin på Kaizerskonsert i Bergen. Det er altså minimum 2 Kaizerskonsertar i kalenderen, og eg vurderar å finne ein til ein plass. :)
  • roger Waters, hjerna bak eit av tidenes beste album som i sin tur har ført til ein av mine favorittfilmar, spelar i Telenor Arena 1. mai. Og han skal spele The Wall. Eg skal på generasjonskonsert med mamma og bestemor, og håpar virkelig det blir verdt heile kranglinga med Billettservice sine serverar (1 time!) som eg hadde for nokre månader sidan. Og eg er absolutt oppmerksom på at mannen sannsynligvis er meir ute for å tjene gode grunkar på konsertane sine enn at han har eit oppriktig ønske om å ut for å spele The Wall for oss som var for unge til å få med oss Pink Floyd på ordentlig. Marsjeringa i Årdal den dagen slik tradisjonen pleier å vere, utgår altså. Tør påstå at alternativet er bedre.
  • Ljungblut, Kim aleine altså, skal snart i studio. Om det blir noko meir av det i 2011 gjenstår jo å sjå, mannen har jo ein tendens til å ikkje stresse med noko som helst (noko eg er aldeles enig i), men lovar å gi ut musikk på norsk igjen. Det gledar meg stort, for mannen skriv dei beste tekstane eg veit om. Dei er bra på engelsk, men enda bedre på norsk.
Trur nok musikkåret 2011 skal bli bra det og, så lenge ein held litt styring utanfor hitlistene og P4. Forhåpentlegvis blir 2011 bra på andre plan og. Eg har håp, både for meg sjølv og andre. Godt nyttår!

1 kommentar:

Silje sa...

Godt nytt år, damen:) og hurra for en fantastisk god musikksmak!