søndag 16. januar 2011

Sinnasmurf.

Eg er sint og skuffa om dagen. På mitt eige land. Det er ikkje ofte, men no fortener ikkje nokon at eg luskar rundt og er einig med alt landet mitt foretek seg.

Det kom jo som ei ganske stor overrasking i haust når Maria Amelie ga ut bok og fortalde om sitt liv som papirlaus. Eg kjøpte bok og blåste gjennom heile boka på nokre dagar, og boka rørte ved ein god del sider av meg. Eg og Maria kjenner jo ikkje kvarandre godt, men har hatt ein god del med kvarandre å gjere. Eg har vore ivrig som frivillig på By:Larm og Slottsfjellfestivalen sidan 2007, og det er klart at ein da legg merke til kvarandre.

Forrige onsdag blei Maria pågripen på Lillehammer. Det gjorde vondt langt inni meg når eg såg at det hadde skjedd. Eg håpte at den nye søknaden hennar om å få behandla saka si på sjølvstendig grunnlag skulle nå fram. At norske myndigheiter skulle stå for sine eigne ord om at alle skal få individuell behandling av sine saker, og at ein kanskje skulle prøve å vurdere saka til Maria for seg sjølv.

Ja, ho har oppholdt seg ulovleg i landet. Lenge. Det er brot på lova, og ho og familien hadde sjølvsagt plikt til å forlate landet når dei først fekk endeleg avslag. Dette er det jo ingen som verken kan eller vil nekte for. Men kva vekt har det faktum no at både ho og familien har blitt verande? Det er veldig lite som tyder på at dei faktisk har lyst å bryte lova sånn som eg ser det. Er det ikkje eit ganske solid signal når ein familie vel å bryte lova og går under jorda i staden for å følgje avgjersla som dei sjølve syns er feil? Når dei vel å leve i usikkerhet uten nokon rettighetar i Noreg framfor å reise tilbake til landet dei kom fra, så meinar eg det er eit signal om at eit eller anna ikkje stemmer ein plass. Og ikkje berre lever dei slik ein periode, dei har levd slik i 8 år.

Og Maria møter medmenneske. Som syt for at ho ikkje blir sittande inne i skjul for samfunnet, men får seg eit liv. Utdanning, venner, ein mulighet til å leve. Så finn ho ut at ho ikkje kan leve på ei slik løgn lengre. Dei kunne skaffa seg falske pass og levd eit normalt liv i Noreg, men vel å la vere fordi dei har lyst å gå riktig veg. Maria kunne gifta seg og fått opphald på familiegjenforeining, men vil ikkje gjere det fordi ho syns det er feil. Ho kunne fortsatt livet sitt i skjul og norske myndigheiter ville aldri ha oppdaga det. Maria meiner det er moralsk feil, og vel å stå fram med historia si, og offentleggjere at alt ho drøymer om er å kunne betale skatten sin til Noreg, ha ein jobb på normalt vis og tene samfunnet som andre i landet her.

I staden for blir ho pågripen på ein tåpeleg måte, 3 timar etter at hennar nye søknad om asyl blei avslått. I vedtaka er det mellom anna påpeikt at ho sjølv er ansvarleg for å reise ut fra landet det tidspunktet ho fyller 18 år. Men er det eigentleg så enkelt? Ho har ikkje hatt noko som helst å gjere med landet ho er fødd i sidan ho var tenåring. Det blir påpeikt at det at ho har opphaldt seg ulovleg i landet så lenge dermed ikkje gjer at ein kan vurdere lovparagrafen som går på "særleg tilknytning til riket" (utlendl. §38). Det står og i denne paragrafen at øvrige bestemmelsar i lova ikkje treng å vere oppfylt for at opphald i landet kan gis.

Og Maria er ikkje aleine. Først tenkte eg at vi må la Maria bli, ho har jo gjort så mykje bra for landet vårt! To av dei største festivalane våre ville ikkje vore dei samme utan Maria, som har gjort ein av dei vanskeligaste jobbane ein kan ha i sånne samanhengar - vere sjef og organisator for ganske mange frivillige. Ledelse av frivillige er ein utfordrande jobb som krever mykje av ledaren. Kulurlivet i landet vårt kjem til å lide eit kjempetap om Maria ikkje får lov å vere her. Men no handlar ikkje dette berre om Maria lenger. Det er mange med ho, og alle har sine historiar. Kvifor får ikkje desse si individuelle behandling i sånne saker? Kvifor er vi ikkje interessert i å høyre på desse menneska?

Eg meinar vi kan innføre ei amnestiordning til folk som Maria. Som til dømes har vore i landet i 7-8 år, og som dermed absolutt må reknast for å ha "særleg tilknytning til riket". Ein kan vurdere kriteriar som tal år i landet her mot tal år i heimlandet, til dømes, for å sette visse avgrensingar. Ei slik ordning bør fungere motiverande for UNE og UD og alle desse som behandlar desse sakene, i form av at det offentlege og pålegg seg sjølv visse fristar for når dei må ha behandla ferdig desse sakene, og eit visst press sånn at ein må følge opp sakene sine og syte for å spore opp og sende ut slike som da ikkje får vere i landet. For eksempel. Lovgivinga gir jo private bedrifter pålegg om å kontrollere sine eigne handlingar. Kan ikkje det offentlege ha det samme? Skal det vere så stor forskjell på offentleg og privat forvaltning?

Men først må vi begynne med fornuftig behandling av saker. Vere menneske som behandlar menneske på alle plan. Om ikkje Maria har særleg tilknytning til riket, så veit ikkje eg kva kriteriar ein kan sette for å innvilge opphald etter den paragrafen.

Derfor var eg på Lillehammer i går og viste mi støtte. I hovedsak til Maria, men eg skal gjerne stå på krava for dei andre og. For ei sånn sak er det heilt greit å fryse i snøværet ein tre kvarters tid.



Og ein fotnote til Arbeiderpartiet: De fekk mi stemme ved forrige valg. Det skjer ikkje neste gong, for denne saka pluss saka om lokalsjukehusa våre er maktmisbruk eg ikkje klarar å stå inne for og eit svik mot dei som ga dykk tillit sist. Lykke til vidare!