mandag 8. november 2010

Oss som tenker.

Det fins folk, det fins idiotar og det fins folk som tenker. Eg har lest bloggar i dag. Kost meg og lest på ting eg interesserar meg for. Og så har eg rusla til og fra ærend i Hamar og tenkt. Eit snev av kreativitet og skaparvilje har svingt innom, faktisk.

Eg "fungerar bedre" om dagen. Halve hausten har gått med på å vente på haustdepresjonen, som nesten ikkje har vist tegn til å eksistere. Det er skremmande, for det er jo det eg er vant med. At den slår inn og slår meg ned sånn i september/oktober ein gang, og så er eg utanfor allfarveg ei tid. No er det berre småting som gjer at eg kjenner det. Alt som er der, alt som var der, og alt eg veit at eg neppe kjem til å kunne gjere noko anna med enn å lære meg å takle. Samtidig er det skummelt å kjenne på følelsen av kor ille det har stått til. Den slår til i blant, nemlig. Og min største skrekk er å tryne skikkelig igjen, for eg er ikkje sikker på at eg klarar å reise meg ein gang til.

Men eg er glad sånn stort sett. Eg har masse herlige folk rundt meg, og eg klarar å snakke om det meste som plagar meg. Det fins håp om at livet mitt og kan bli noko ein dag. Kanskje bra, og kanskje snart til og med. Hadde eg aldri trudd. Way to go!

1 kommentar:

Veronica sa...

EG trur ikkje det blir noko problem :)
Saknar deg!