søndag 24. oktober 2010

Vil og vere med på moroa...

Eg varsla vel at den her kom til å bli noko av. Og så tar eg dag 1 i samme slengen, sidan eg føler for det. Slik blir det forhåpentligvis om eg har tid nok (og frilynt som eg er, så blir dette på litt pinglete nynorsk, sidan eg er lat om dagen og ikkje giddar å skrive heilt korrekt nynorsk heile tida):

- Dag 1 - 10 ting om deg sjølv
- Dag 2 - 10 ting du elskar
- Dag 3 - 10 ting du hatar
- Dag 4 - 10 ting du vil sei til ein person
- Dag 5 - 10 ønsker
- Dag 6 - 10 gjenstandar du ikkje kan leve utan
- Dag 7 - 10 viktige personar
- Dag 8 - 10 av dine favorittsangar
- Dag 9 - 10 vegar til å vinne hjertet mitt
- Dag 10 - 10 siste ord



Så. Dag 1. 10 ting om meg:
  1. Eg har telefonskrekk, og snakkar meg helst gjennom samtalen inni hovudet mitt først sånn for å vite kva eg kan bli nødt til å svare på.
  2. Eg sliter stort med å jobbe eller få gjort noko som helst i stillhet.
  3. Eg har mista gleden ved å drive med idrett 2 ganger. Og funne den igjen.
  4. Eg blir redd av dører som smell.
  5. Eg feira min første ordentlige Halloween i 2009.
  6. Eg har alderskrise kvar gang eg tenker over kor gammal eg er.
  7. Eg har spelt coverversjonar av Kaizerslåtar live framfor heile Kaizers Orchestra.
  8. Eg har budd to år hjå bestemor og bestefar.
  9. Eg har jamnleg diskusjonar med min mor om tolking av meirverdiavgiftslova.
  10. Eg har, ved fleire tilfelle, reist på lengre turar for å henge med og overnatte hjå folk eg kun har snakka med på nettet og aldri møtt før.

3 kommentarer:

Veronica sa...

And that is why I love you :-D

Stargazer sa...

Jeg synes du er i overkant opptatt av alder. :P

Katrine sa...

Fordi det plagar meg. Bæsj.