- Dag 1 - 10 ting om deg sjølv
- Dag 2 - 10 ting du elskar
- Dag 3 - 10 ting du hatar
- Dag 4 - 10 ting du vil sei til ein person
- Dag 5 - 10 ønsker
- Dag 6 - 10 gjenstandar du ikkje kan leve utan
- Dag 7 - 10 viktige personar
- Dag 8 - 10 av dine favorittsangar
- Dag 9 - 10 vegar til å vinne hjertet mitt
- Dag 10 - 10 siste ord
Så. Dag 1. 10 ting om meg:
- Eg har telefonskrekk, og snakkar meg helst gjennom samtalen inni hovudet mitt først sånn for å vite kva eg kan bli nødt til å svare på.
- Eg sliter stort med å jobbe eller få gjort noko som helst i stillhet.
- Eg har mista gleden ved å drive med idrett 2 ganger. Og funne den igjen.
- Eg blir redd av dører som smell.
- Eg feira min første ordentlige Halloween i 2009.
- Eg har alderskrise kvar gang eg tenker over kor gammal eg er.
- Eg har spelt coverversjonar av Kaizerslåtar live framfor heile Kaizers Orchestra.
- Eg har budd to år hjå bestemor og bestefar.
- Eg har jamnleg diskusjonar med min mor om tolking av meirverdiavgiftslova.
- Eg har, ved fleire tilfelle, reist på lengre turar for å henge med og overnatte hjå folk eg kun har snakka med på nettet og aldri møtt før.
3 kommentarer:
And that is why I love you :-D
Jeg synes du er i overkant opptatt av alder. :P
Fordi det plagar meg. Bæsj.
Legg inn en kommentar