tirsdag 3. august 2010

Ting begynnar å gå litt langt...

Eg er på jobb. Og eg har vore på jobb sidan 06.40 i dag. Og ein eller annan plass inni mi galne, galne hjerne, så skal eg på trening om ein time i tillegg. Idioti. Men det overgår nok ikkje scenarioet som nettopp utarta seg på jobb. Eg går inn på eit kontor, for der er det ein perm eg må ha. For å gjere jobben min. Så eg tar med meg permen og går på kjøkkenet for å hente restane av sjokoladekaka vi hadde i går og iste. Vel tilbake på kontoret med sjokoladekake og iste puslar eg litt på, før eg begynnar å sjå meg rundt og lure på kvar den permen eg henta i stad var blitt av. Nei. Det er nesten sånn at eg begynnar å løfte på ark og slik for å sjå om den, ein heilt vanlig brevordnar, kan ha gøymt seg under to A4-ark. Eg konkluderar med at det berre er ein blå perm på pulten min, medan det burde ha vore to. Så eg tar ein tur tilbake på kjøkkenet. Tenker at kake og kaffe som vanlig høyrer saman, og tar med meg kaffekoppen. Flirer litt i det synet som møter meg på kjøkkenet, for der har eg sjølvsagt satt fra meg permen eg leitte etter, og det såg slik ut:



Eg konkluderar at dette ikkje var spesielt smart, før eg fyller opp ein halv kaffekopp og begynnar å gå, kjem to meter og kjem på "helvete, permen!"

Trur eg skal gå og legge meg.

Ingen kommentarer: