Det er eit nytt år på gang. Eg innser det og må visst berre akseptere det. Nok eit år med nye oppdagelsar av ting eg ikkje var klar over at eg ikkje visste. For det har skjedd noko nytt med meg, som eg ikkje kjenner til at har skjedd før. Eg har såvidt begynt å leve. På godt og vondt. Og eg tar og føler på kor utrulig lang veg eg fortsatt har igjen å gå. Kor utrulig mykje eg ikkje kan på tross av at eg er på veg inn i mitt tjuefjerde år meir eller mindre i live.
Det er ein del doble sider ved alt det nye. Tidvis er eg riktig så stolt, tenker over at det er faen meg bra at eg har klart å komme hit på tross av alt. Det fins ting eg kan, det fins ting eg taklar og eg føler at eg har oppnådd ting i livet mitt. Eg klarar i blant å tru på at det fins menneske som er glade i meg. Alt er ting som er positive, ting som tilseier at livet mitt er fint og ting som eg sett ufattelig stor pris på. Det er kanskje ikkje så mange som fattar kor mykje det betyr for meg, eg har klart det hit, og det hadde eg aldri trudd. Så tenker eg meg om. Ser meg rundt. Ser menneske på seksten år som har fått opplevelsar som eg ikkje kjenner til. Menneske som lever på ein måte eg ikkje forstår. Dei er mange, dei er faktisk fleirtalet. Ingen som meg. Eg går inn i mitt tjuefjerde år, oppdagar stadig ting som alle andre fann utav når dei var fjorten. Eg var ikkje der når eg var fjorten. Eller eg fekk ikkje vere med. Eller eg veit faktisk ikkje kva som skjedde, stryk det som ikkje passar.
Det er ulempa, har eg funne ut. Ved å begynne å leve når ein nærmar seg midten av tjueåra. Og eg trur det er eg sjølv som har vore uintelligent. Fordi eg verken visste eller veit bedre. Ingen har fortalt til meg at det er sånn det funkar. Etterkvart som tida går så innser eg at løysingane mine ikkje funkar lenger. Eg har alltid løyst ting på min måte. Det funkar det, men kanskje ikkje i lengda. Kanskje ikkje alltid. For eksempel held det kanskje ikkje lenger enn til nokre månader før ein innser at ein fyller tjuefire år og får panikk. Det har ført til nye strategiar, ein del av dei basert på ny kunnskap som folk rundt klarar å forklare om at er ein del av det her med å leve. Som eg jo ikkje forstår meg på, eg har jo prøvd å la vere. Eg er glad for det. At det er nokon der som kan forklare meg litt om korleis det egentlig burde funke. Livet. Eg veit jo ikkje. Eg har gått store deler av livet mitt og vore godtruande til at dette er løysinga, sånn skal det vere, dette er nøkkelen, her er koden. Så får eg eit glimt av ei verd eg ikkje kjenner til, og innser at dette aldri har vore til for meg, men sjølvsagt for alle andre. Det svir, og det har skjedd meg meir enn ein gang.
Så det er noko nytt eg er begynt med no. Eg er redd som faen. Redd for å miste dei som forklarar meg korleis det funkar. Redd for å miste forståelsen igjen, redd for å oppdage at det fins enda fleire verdenar som eg ikkje kan noko om eller ikkje veit at fins. Det gjer det nok, så leiken er neppe over enda. Eg biter i meg mykje og trur det er sånn det skal vere, livredd for å miste. Eg har ikkje lyst til å begynne på nytt igjen enda ein gang. Det har eg gjort fire-fem ganger alt, og eg syns eg har fått min dose. Og no kan eg jo bittelitt om livet og. Snart. I alle fall så lenge eg fortsatt kan få ein god klem med jamne mellomrom og har menneske som er glade i meg.
For ikkje å snakke om at eg er redd for å skremme vekk folk med deler av det som eg aldri snakkar om. Eg trur alle vender ryggen til og går sin veg da. Det er nok derfor nesten ingen veit. Eg orkar ikkje miste dei einaste eg har å støtte meg på, dei er latterlig få og eg treng alle saman. Kvar enkelt er så unik for meg at eg ikkje klarar å sjå for meg eit liv uten, og det er meget mulig eg overreagerar. Kanskje klarar eg å overstyre ein dag, men eg tør ikkje love når. Det kan ta si tid, og eg håpar at mine kjære, kjære venner held ut med meg. Eg trur ikkje det er så mykje anna som hjelper. Beklagar for alt eg ikkje kan og alt eg ikkje er, eg trur i alle fall eg ikkje har valgt det sjølv. Eg er nemlig enda eit godt stykke unna å takle å vere den eg egentlig vil vere, men eg prøver så godt eg kan. Eg har mange veggar å rive enda, ein del av dei er latterlig høge og eg har berre ei bittelita øks, men den blir til gjengjeld kraftigare for kvar vegg eg klarar å rive.
Det er dermed ikkje sagt at eg ikkje har det bra, men det er alltid ting som kan bli bedre, det må eg vel kanskje berre leve med. Eg har fått igjen deler av håpet om at deler av det kan skje ein dag. At det meste kan bli ok.
lørdag 9. januar 2010
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Å, Katrine min :) Uansett hvem du vil være, hvem du ønsker å bli en vakker dag,(og det klarer du, det vet jeg) så er jeg ufattelig glad i deg akkurat sånn som du er. Nydelige jenta mi <3
Å, Katrine. Det var vondt å lese dette. Jeg kjenner deg nok ikke godt nok til at jeg forstår hva det er du ikke har visst om å leve, og hva slags løsninger du snakker om som ikke lenger funker for deg. Men jeg aner en sterk vilje om å få det bedre. Et håp om at din verden kan utvide seg og gi deg flere muligheter. Du skal vite at jeg støtter deg på veien.
Går det an å spørre deg selv om hva som har gjort at du har holdt ut i snart tjuefire år? Hvem har vært lys på veien? Hvilke av dine strategier har tross alt ført deg hit? I den tida jeg har kjent deg har du bestandig hatt hendene fulle med forskjellige prosjekter. Det viser en utrolig styrke.
Noen ganger, når jeg føler at alt butter i mot, spør jeg meg selv om hvorfor det er viktig for meg å leve. Hva jeg ønsker å oppleve mer av. Hvem jeg ønsker å være sammen med, hvilke bøker jeg vil lese og hva slags musikk jeg vil høre på.
Egentlig burde vi feire oss selv hver eneste kveld.
Hihi, Kaja, du er fantastisk. :)
Det er ikkje så veldig mange som veit nok til å forstå greia, gitt. Eg vil vel forsåvidt ikkje at så mange skal vite heller, så det er jo eit valg eg har tatt sjølv. Men viljen er stor, og ein av tankane mine framover er vel forsåvidt at litt fleire skal få vite, det er mange som fortjener det. Det innlegget her er kanskje første steg på vegen? Eg er full i faen og bestemt på å ikkje bikke under med det første.
Du kan sei det sånn at det innlegget her gikk gjennom ca 20 rundar med gjennomlesing før det omsider slapp gjennom. :p
Av kva som har fått meg til å holde ut? Heilt små, banalt enkle ting, har snudd dagar, veker og månader opp ned. Ein enkelt kommentar kan vere nok til å redde veldig mykje av alt. Det betyr utrulig mykje. Akkurat kven og korleis kan eg fortelle deg, men det er virkelig berre små detaljar som likevel betyr så utrulig mykje.
Som får deg til å tenke at det handlar ikkje om deg sjølv lenger, det handlar om andre og korleis du kan godta at du behandlar folk. Da blir ikkje dine eigne egoistiske tankar så viktige lenger.
Eg feirar forøvrig kvar dag eg kan føle at eg har gjort det bra og prøver etter beste evne å la følelsen av å ha gjort ein forskjell synke inn over meg. Det er viktig, men vanskelig.
Legg inn en kommentar