onsdag 7. januar 2009

Nytt år, nye mulighetar...eller? Det bugnar med gode lovord om kva 2009 skal bringe... I år igjen. Sunnare liv, bedre trening, bedre pengekontroll, meir familliebesøk, meir vennebesøk....Og til slutt innser ein jo berre at nei, alt dette kjem aldri til å gå....men det er lov å håpe.

Jul og nyttår er alltid ein bølgedalsopplevelse. Det er på sine måtar veldig fint med jul, men det er ikkje koseleg å feire jul når alt ein gledar seg til er å ete altfor mykje altfor god mat, finne ut kva folk har kjøpt til deg og å holde seg edru til alle har blitt køyrt heim på kvelden. Det er jo egentlig ikkje det jula handlar om. Men eg skal ha for at eg prøvde. Eg leita under juletreet og i kyrkja i håp om at julesangar skulle hjelpe, men alt eg fann var frustrasjon over at kyrkjelyden sang 3 forskjellige vers på ein gang sidan ingen visste kva rekkefølge versa skulle syngast i. Dermed blei det ei jul prega av eit forsøk på å vise glede som ikkje var der, forkjølelse, irritasjon over å vere forkjøla, og oppbruddsstemning. Nyttår vart heldigvis litt bedre.

Bortsett fra at eg aldri har hatt ein så dårlig følelse når klokka tippa midnatt før.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Det skal nok bli et fint år, skal du se... Masse gøy å finne på, selv om vi kanskje ikke blir så mye sunnere og i bedre form. Men hey, squash i morra! Vi er i det minste LITT i gang ;)