torsdag 22. mai 2008

Filter.

Og nå måtte engelen hennes fly. Ingen jeg rømte fra så at det var til deres eget beste, at det jeg drømte blei sånn, og at ingen måtte få vite om det.

Av og til må det ein lang busstur til. Denne gongen for at eg skal få samla tankane mine og få dei ut av hovudet mitt. Det er jo ikkje til å komme unna at dei er der, sjølv om eg av og til ignorerar dei i kvardagen. Dessuten er ein lengre busstur det som må til for at eg skal klare å få dei ned på papir, og det trengs av og til det og.

Det skjer mykje rundt meg for tida. Verda er i endring, og det ser ut til å skje store ting og fleire ting som er veldig viktige overalt. Mange tek sine valg, og mange tek valg som dei er usikre på. Men det er heilt greit, dei viktige valga er alltid vanskelige, og ein veit aldri heilt om dei er rette. 

Nokon påstod ein gang i haust at ein ikkje har valg. Med ein gang eit valg er tatt, er det nok meininga at det er sånn det skal bli. Eg føler meg fortsatt ikkje heilt enig, men det meste av alt som dukka opp den gangen sitt veldig godt igjen enda. Det blei jo slik, og det må eg lære meg å leve med. Akseptere, godta og leve vidare på. Vanskelig, men riktig. Det er fint at nokon klarar å dytte fine ting inn i hovudet mitt av og til. Det er ikkje så mange som er klar over at det trengs, men eg føler at det er akkurat nok med dei som ser og veit det. Dessuten er det slik at dei som ser og veit, dei får det til. Det er beundringsverdig og fantastisk, og eg forstår ikkje kva det er som er gjort, men det utgjer forskjellen på alt og ingenting.

Det skal seiast at det har tatt tid å finne nokon som får lov til å sjå det meste. For enda slepp eg ikkje alt. Det tar lang tid enda. Forhåpentlegvis er eg på rett veg. Nokon veit så mykje at det er grådig skummelt, men det er jo i og for seg ikkje noko å skjule på lenger, er det? I grunn ikkje, men det er vanskeleg å sleppe noko eg ikkje er sikker på om eg er ferdig med - sjølv om eg håpar. Eg blir kanskje aldri ferdig, da må eg kanskje sleppe det likevel? Snart må eg berre ta sjansen på at det går bra. For av og til må det jo tross alt ein lang busstur til. Av og til.

1 kommentar:

Veronica sa...

Ein lang busstur kan vera vel og bra!
Glede meg til helga^^