mandag 9. juni 2008

Alt - ingenting.

Alt og ingenting på ein gang. Det er sommarferie. Gårdsrock, bursdagsfest, avslutningsfest, Bliss Intolerance og mange, mange timar i bil. Ukjent mengde Statoil-kaffe på tur heim og ein heavy dagen derpå-dag i dag.

Bliss Intolerance var ei oppleving på lørdag. Det kan ha med å gjere at heile greia berre var gjennomført og herlig, og man blei berre sittande å lytte. Lytte, tenke, ta og føle på tankane. 

Så i det tankane flaug, tårene nesten trilla og alt var på kanten av stupet, var verda nesten perfekt. Det merkar ein aldri før det er for seint, og da er det berre å takke for alle fantastiske stunder og gå inn for mange fleire ein gang seinare.

Og så er det egentlig berre å håpe at Tormod får det fint på den andre sida av jorda. Skulle du først reise, så trur eg det var riktig no. 

Ingen kommentarer: