Ting ein kan bruke tid på under ein tur med t-banelinje 1 fra Frognerseteren:
- Fundere på kor mykje pelsen til fruen som sitt ved sidan av kostar.
- Tenke over om dei faktisk er lykkeligare på nevnte grunnlag. Muligens ikkje.
- Få eit tjue minuttars språkkurs i finsk aldeles gratis. Du forstår berre ingenting og høyrer med jamne ord ordet "Holmenkollen" og forstår enda mindre.
- Lure på korleis "nststsjrslmdl" for nokon i heile verda kan forståast som "neste stasjon er Slemdal." Det er litt enklare med "drlks", for den kjem så ofte.
- La seg imponere over at folk smører skia sine før dei har vore i nærheten av snø eingang.
- Lage ein matematisk formel over kor mange reklameskilt det er for kvikk lunsj på t-bane-stolpane på vestkanten.
- Tenke over kor mykje villaen du nettopp såg ville kosta deg, og om det ville blitt verre eller bedre med amerikanske obligasjonar gjennom Terra...
Syns det er stusselig med bloggoppdatering rundtomkring, kjære venner. Og eg jobbar for tida på ein større sak som angår såkalte pipevestlendingar, den havnar sikkert her når den er reinskriven og eg har sove ut etter døgninga mi.
1 kommentar:
Tihi, lister er alltid bra:)
DU kan bli togkondoktør hvis du klarer å si nazistasjonær og den er laks på en utrooooolig slapp måte;)
Legg inn en kommentar