Eg snur meg for tolvte gang i løpet av dei siste ti minuttane, og vurderar seriøst å gi blanke i å stå opp. Det er lenge sidan det har frista så lite å stå opp om morgonen, men om det skal vere håp for samvittigheten min i dag, så er det ingen valg. Altså er det berre å slepe seg utanfor dynekanten, tusle inn på badet, prøve å kvikne til med ein dusj og offisielt sett vere våken og stått opp eit kvarter seinare. Fortsatt altfor tidlig. Halvvegs i svime pakkar eg ned bøker, datamaskin, drikke og litt mat i sekken, oppdagar at klokka er så mykje at eg må gå ganske kjapt for å rekke bussen og småstresse ut døra ca 07.17, som i prinsippet er to minutt for seint. På tross av avgang heimefra to minutt for seint, så er eg framme to minutt for tidlig, og etter å ha hutra litt i påvente av bussen, er vegen til god musikk og ei sær form for søvn kort. I løpet av ein halvtimes busstur, eit kvarter på ferje og tjuefem minuttar til på buss til slutt med meir eller mindre soving, svimar eg inn på skulen godt og vel ein halvtime før forelesningsstart.
Da skaffar eg meg ein kopp kaffe, og etter den koppen er det heile litt enklare.
PS! Sitatbloggen har blitt oppdatert eit par ganger uten at eg har nevnt det her... :)
torsdag 7. februar 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
4 kommentarer:
Den følelsen er grusom, og du veit ka eg tenkjer om kaffi om morgonen:p
Hihi
Du skal på tur i måro^^
Aha. Er lenge sidan eg har vore så jækla nær å droppe å stå opp som i dag... Ille. :p Eller, det blir nok verre i morgon, for eg trur eg skal bli heime og gjere ferdig oppgava mi..
Men eg skal på tur i morgon. :)
http://itsfunnyhoney.com/picture/392/no_life_before_coffee
:-P
Hihihihi.
Legg inn en kommentar