Torsdag 8.november:
- Å stå opp kl. 05.00 når du la deg 00.30 er ganske tøft. Det gjer dog veldig lite når du kan sove fra Lærdal til Voss og blir møtt av ein Veronica når du kjem fram til Bergen i god vestlandsstil kl. 10.30 og traskar rundt i høljande regn og uggen vind.
- Frokost og musikksnakk på Burger King er heilt legitime greier.
- Os er faktisk ganske kos og Veronica har ein herlig familie.
- Mimring er kjekt, for man splittar jo ikkje eit trekløver... Og forøvrig blir jo trekløveret meir og meir eit firkløver, og det er jo enda herligare. :)
- C is for cookie, that's good enough for me. Come to the dark side, we have cookies....
- Flåten... Skoshopping, kjøp av forundringspakke med musikk (og himmel, der var det mykje morro!), test av vinterdekk, oppgaveskriving, migrenemedisin, storm og slikt noko. Sengevals i ein annan betydning enn dei fleste måtte tolke. Telefonering hit og dit og konklusjonen er at eg og Dagny er kjempesnille med Veronica. Korleis kan vi ikkje vere det?
- Er det vanskelig å få sove, er det i alle fall vanskelig å stå opp... Og ein kort innføring i "korleis-bussane-i-Os-ikkje-giddar-å-korrespondere" gjer ikkje ein trøtt morgon veldig mange hakk bedre.
- Det er ingen kunst å møte opp kjempelenge før flyavgang på Flesland. Det som derimot er ein kunst, det er å klare å rote vekk tida sånn at eg akkurat ikkje rakk å levere oppgava før eg forlot Bergen... Så det måtte gjerast i Trondheim, og så vart det fæst.
- Slag i slag. Zud, Trondheim, øl, trikk, snø, rot for å prøve å finne fram til Jostein (vi fann til slutt!), vorspiel, Jostein, Otto, Kaja, Kathrine, Niels og Zud... Internhumor med frie tøyler, farlige greier, men herlige mennesker!
- Blæst. Legsjekk som nokon var nervøse for, men som alle slapp unna. Likevel, det var litt skummelt eit stund. Første rad var übertilgjengelig for oss, og det var aldri vanskelig å sjå at dette kom til å bli ein intim og hyggelig opplevelse. Pils og risikofyllte turar på do fulgte fram til konsertstart.
- Zeromancer... Himmel i musikkformat. Eg og Kaja hadde tradisjonar å ivareta, Zud var påheng og dokumenterte alt. Vi ser jo ikkje vel bevart ut, men det er faen ikkje meininga heller. Full pinne fra første låt, manglande barrikadar og tilhøyrande nødvendighetar i å rygge for å ikkje få kneet til ein viss vokalist i trynet, lenge sidan sist og vi var supergira. 17 låtar seinare var vi mørbanka av eigen fri vilje og glade som få.
- Ut og trekke frisk luft og gratulere bursdagsbarnet Tormod med dagen, klokka var jo heile 00.30... Ellers var det ein runde som innebar å helse på Kim, Dan og Alex samt få klem av Lorry. Alt som det pleier, altså.
- Bilde under tre måtte bli tatt - og vi fann eit med julelys på! O' lykke!
- Å drikke sprit er farlig. I alle fall for folk som skal på jobb på Ica Flatåsen dagen etterpå kl. 11.00... men det går greit når taxien heim var billigare enn to billettar på nattrikk.
- Det blei litt lite søvn, men det er ikkje noko man skal bry seg med. Det er jo sånn det er meint å bli. Eg fann ut at kneet mitt var blitt lilla etter kvelden før, sånn utenom tilhøyrande blåmerker. Zud drog på jobb, mens eg reiste til sentrum av Trondheim og møtte Kaja. Der fann vi oss litt mat (dog, Kaja skuffa ved å ikkje kjøpe polarbrød og skinkeost...) og ein flybuss til Værnes. Heldigvis slapp vi unna det vi hadde ein slags skrekkblanda fryd for, nemlig å dele flybuss og fly med Zeromancer på turen... Otto og Kathrine mista flybussen med to minuttar, og kom etter i "flytaxien".
- På Værnes var vi plaga med krangling med innsjekkingsautomatane til Norwegian, men til slutt fekk vi sitte saman likevel sidan dama i innsjekkingsskranken var hyggelig.
- Forsinka fly er ein uting. Spesielt for dei som skal rekke toget til Hamar... Men vi kom oss avgårde 15 minutt forsinka, og det var til å leve med når eg og Kaja berre reiste på håndbagasje. Vi entra Gardermoen med akkurat passe tid sånn at eg rakk toget eg hadde planlagt med glans.
- Ein times tid etterpå var det duka for bursdagsfeiring på Hamar. Det er heilt greit for meg å bruke dei 4-5 timane eg hadde til overs på å ta eit par pils og pizza på Hamar, altså. Dessuten så fekk eg jo ære av å, i løpet av dei få timane, møte på Jørn, Ida, Stian, Bjørg, emoKristian, Magnus, Sara, Caroline, Andreas, Adrian, den ikkje altfor usnuska trønderen og Torkel. Av andre ting som var inne i bildet på Hamar var gratis whisky til Tormod på Siste Indre, spennande drinkar, øl, køståing til ein konsert eg ikkje skulle på og kjefting på at Tormod for ein gangs skyld skulle legge fra seg Hydrantenansvaret sitt og berre ha det fett på Hyden. Det heile var veldig, veldig hyggelig. Håpar du hadde ein fantastisk bursdag, Tormod. :)
- Det einaste som mangla med oppholdet på Hamar, var at Dagny ikkje kom seg til Hamar tidsnok, sånn at vi dessverre berre kryssa kvarandre i kvart vårt tog på turen. :/
- Vel framme i Oslo rundt kl. 21.30 gikk turen rett til Fabrikken. Garderoben fekk litt å stri med med bagasjen min, men det virkar det som om dei klarte å leve med. Ellers var eg jo litt "tidlig" ute, så det blei ein liten leiteaksjon etter mennesker man måtte kjenne. Da var jo vegen til merch-boden kort, for der var Sandra, Melle, Ina og etterkvart ZMR-Dan. Det kunne eg jo leve med fram til Kaja, Otto og Kathrine kom fra vors.
- Resten av kvelden på fabrikken blei brukt til å lure på kvar alle goth-folka kom fra, med konklusjon at dei nok sniker seg fram fra dei mørke kjellarane sine ein gang i året for å gå på Elektrostat, for eg har aldri møtt slike mennesker på gata i Oslo... Ellers var Jan Dahle i området, og vi hadde ein svært effektiv strategi for å sikre oss front-row til Zeromancer. Den funka veldig, veldig bra, og konserten på Elektrostat var eit fantastisk stykke himmel der nakken fungerte bedre enn venta. Dei einaste to tinga som drog ned, var det at Elektrostat var uproffe i form av å servere øl i 0,33l glassflasker. Det førte til at vi etterkvart stort sett stod og gikk i knust glass, i tillegg til at det jo kunne vore direkte farlig om nokon hadde fått det for seg å kaste det opp på scena. Den andre tingen var at dei ikkje hadde scenebarrikadar, berre livsfarlige greier som veltar berer man ser på dei. Det førte til at vi prøvde bevisst å ikkje lene oss på greiene, og det stod to vakter i grava som hadde sin fulle hyre i å dytte "barrikadane" tilbake på plass kvar gang nokon måtte dytte litt i dei. Farlig.
- Etterpå måtte man skryte litt av den flinke vakta i grava (som stod mellom meg og Niels) som skaffa meg setliste og litt slikt noko, shoppe litt i merchen og ellers forsyne seg grovt av gratis vatn. Når vi kom oss ut, var det på tide å puste litt, helse på Noralf og Dan igjen, samt ta bilde under tre, skille lag med både oss venner og Kim som tilfeldigvis gikk forbi... Og alt var over. Etter at eg nesten kunne svimt av på den overfyllte nattbussen, stupte eg til sengs i Kolbotn når eg kom dit.
- Opp i 12-tida. Akkurat passelig, i grunn. Dusj, buss til byen og kaffe med Helene. Riggerpreik i 2-3 timar før eg tok bussen heim. Sove på bussen er ein god ide.
Sitat blir det aldri nok av:
Eg valse tilbake eg da... - Veronica
Å være med i Zeromancer er IKKE god nok grunn! - Jostein når vi diskuterar opptakskrava for Happy Tree ZMR-Friends-gruppa på Facebook.
Om de rette folkene hadde sett oss no, hadde vi blitt tvangsinnlagt på flekken... Den gule snøen er best!!! - Otto
Nei, ikke tafs på gjestene. Gå og tafs borti der i stedet. - EmoKristian
Har du ikke protese, kommer du ikke inn! - EmoKristian
Fant du ikke meg? Men jeg er jo lett å finne! - Noralf når eg meddelte at eg ikkje fann han i Trondheim.
Sounds like bacon, feels like pork. - Otto
For ja, størrelsen teller faktisk! - om treet vi tok bilde under i Oslo.
I god stil har vi fått eit lite lass med ny internhumor. Wee.
Under treet med julelys i Trondheim.
1 kommentar:
Åååh, fantastisk blogging!
Jeg savner helga allerede. Det må ikke bli lenge til neste gang.
Nå fikk jeg lyst på polarbrød og skinkeost. Mmmmm.
Legg inn en kommentar