onsdag 25. juli 2007

Slottsfjell 2007 - lang, lang oppsummering!

I helga har det igjen vore festivalmorro på meg. Like klar som alltid begynte eg og glede meg i forrige veke, snart Zeromancer igjen! Etter ein sløv torsdag på jobb, hurtigpakking av bagasje (som eg aldri hadde behov for å stresse med), litt plenklipping og diverse, la eg og Oddgeir ut på vegen etter å nesten ha gløymt halvparten av det som skulle vere med til hytta.

Turen gikk først til Golsfjellet der mamma stilte med middag når vi kom fram, eg åt altfor masse og blei trøtt og vurderte å droppe å køyre vidare til Oslo. Etter at Kristin hadde fiksa håret til Kennet slik at han såg ut som ein Twist sett fra sida, reiste eg likevel. Klokka var 21.45, og det var jo i utgangspunktet i seinaste laget. Ankomst Kolbotn var ca 01.00 om natta, og etter den vanlige "bruke-tid-på-å-sjekke-ting-på-internett-du-ikkje-treng-å-gjere-når-du-egentlig-må-sove", var litt søvn etterlengta. Lite og ingenting av søvn var tatt inn etter turen til Hamar helga før, så det var eit spennande prosjekt på gang.

På morgonkvisten fekk eg tak i shabby frokost på Meny Tårnåsen, før eg måtte finne ein minibank og prøve å ta ut pengar. Da viste det seg naturligvis at bankkontoen var nesten tom, og eg måtte tilbake til ein plass med internett og ordne opp. Kom naturligvis ikkje så tidlig til Tønsberg som eg hadde håpa på, og dei altfor ambisiøse planane om å sei hei til Adrian, Stian og Ola samt rekke innom Clas Ohlson i Tønsberg før kl. 11 var det berre å gi opp. Skulle vere på Slottsfjellet kl. 11.30, men eg kom til byen 11.30. Så måtte det parkerast, handlast bittelitt, fiksast akkreditering osv før eg omsider kunne melde min ankomst ved Birkebeinerscena ca kl. 12. Raskt blei det helst litt og sagt hei og hå til nye folk eg aldri hadde sett før, og jobben var i gang. Før festivalområdet åpna skulle vi ha inn all backline for kvelden bak scena, og det blei køyrt eit godt knippe turar med firhjuling og crappy hengar. I korte trekk blei det skaffa ein ny, større og bedre hengar utover, vi venta altfor lenge på vatn, jentene som skulle sette opp barrikadar blei ståande og sjå på barrikadane og sei at "Oj. Nei, dette vet vi ikke hvordan vi skal gjøre. Vi må ha hjelp!", vi satte opp stort telt uten å vite kva vi dreiv med (fram til vi fann bruksanvisninga), Kim kom og sa hei og takk for sist, boltane mangla til barrikadane, vatn kom til slutt, området bak scena blei skjerma fra alt rundt og enda meir backline blei bært og køyrt. Vi åt middag i 5-tida, eit stykke økologisk gugge som smakte ingenting og som ein ikkje burde spekulere for mykje i kva var for noko (men trøsten var at dei aller fleste artistane fekk akkurat det samme), jogga opp trappene til Slottsfjellet eit knippe ganger, scenemester Astrid sleit med å skaffe ekstragitar til Dúné, ringte rundt og var hysterisk heilt til dei fann på at "ja, vi kan jo spørre Zeromancer!", noko som jo aldri var eit problem og danskane lånte gitar av Dan. Dei som da stressa som eit uvær for å skaffe gitar fra Langtvekkistan, spurte ikkje bandet som skulle spele etterpå først, der utstyret allerede låg fint til bak scena...

Vidare gikk det jo slag i slag. Zeromancer dukka opp. Vi jobba, Kim lo ("Du koser deg nå, Årdal!" og, ja, eg hadde det dritfett.), Alex instruerte grundig i kva som var fram, bak, opp og ned på backdropen (og for eit helvete å henge opp!), småhylande Zeromaniacs på første rad var plutselig på plass og tydeligvis fan av ein eller annan stagehand i området, Kim kobla feil ("Lorry! Nå har jeg kobla gæærnt! Hvordan var det der?"), Zerobamsen den hjertelige og Zerobamsen med skjørt. Koselig samtaling med kjæresten til Alex og Ingvild bandkontakt med meir, Pro-Sec-vakten som meinte at "nei, her er kun for presse!", kick-ass-konsert. Signatur av fotoalbum. Heavy følelse av makt ved å kunne dele ut setlister etterpå. Å ta backdrop ned er mykje lettare enn å henge backdrop opp. Stigebalansering med Ninja-Adrian (skummelt!), tidenes solnedgang fra toppen av ein stige, utover Vestfold og med Zeromancer like nedanfor. Gode ønsker for vidare reiser og ordrar om fleire ZMR-konsertar. Hydranten neste?!

Utrulig sliten gikk turen via campingen til Jafs ved kinoen (jafs, jafs!), til bilen og "heim" til vert Kathrine som stilte med madrass på soverom. Behageligheten av madrass på golv med sovepose har ikkje vore bedre på mange år. Etter eit knippe timar var kl. 10 litt for tidlig, og man kom for seint på fjellet igjen. Slitsomt å reise når man blir servert kaffe og frokost! Vi hadde ein lørdag som gikk hakket meir på skinner enn fredagen, paracet mot mi fyllesjuke (som ikkje var fyllesjuke sidan eg var edru dagen før, det var berre meg som var sliten...!), betraktelig bedre middag, mindre utstyr, fantastisk fin minnemarkering til ære for Robert Burås (R.I.P.) når MMC skulle stått på scena hjå oss, sladderhistorie om edderkoppar og liksomtøffe rockeguttar, latter og fotballgalskap med Entomed.

Ikkje fullt så sliten henta eg Kaja og vi satte oss i bilen for å køyre til Kolbotn. Stian og Adrian blei med, og vi møttes på ein bensinstasjon i Holmestrand (kvifor i alle dagar i Holmestrand, Adrian?!). Forbikøyring på E18 med bikke-Adrian der Kaja fekk eit veldig fint førsteinntrykk... Det førsteinntrykket blei neppe bedre av den tvilsomme musikken ved YX på Sofiemyr kl. 2 om natta!

Søndag gikk med til soving, Pocoyo på tv-en, avreise, middag i Asker og køyretur heim.

Slottsfjell, takk for i år. I'll be back!

Til alle i Happy Tree ZMR-Friends: Only in America. :D