mandag 30. juli 2007

Mhm....

No er det da ørtenhundrede dagen med overskya vær og jamnt yr med regn på vestlandet. Eg går snart på veggene. På tross av nokre timar opplett innimellom, så hjelper det jævla lite når ikkje vegane når å tørke opp eingang. I helga har eg vore innom hytta ein tur, det er koselig, men det held med 2-3 dagar. Fordelen med det har vore eit lite snev av opplett og mulighetar for å gå i t-skjorte i lavlandet (for på fjellet var det litt for kaldt), og det at mamma bakar sjokoladekake hjelp definitivt på.

Det har faen meg vore ein sørgelig sommar. Eg har fortsatt ikkje hatt ein einaste dag der eg har hatt mulighet til å gå ut og legge meg i hagen og lese bok (og det har vore værmessig forsvarlig), eller ein dag der Sognefjorden faktisk har innbydd til ein dukkert. Eg prøver å vere positiv og håpar på at det i alle fall er opplett til helga. Da er det Vinjerock (om nokon plutselig måtte ha lyst til å bli med, er det alltid hyggelig) Om da værgudane har lyst å skjenke oss litt fint vær til Målrock 8-11.august, så vil det jo vere glimrande.

Reiseguide for østlendingar/amerikanarar til Målrock 2007 er venta om eit noko ukjent antal dagar. Gled dykk!

Ingen kommentarer: