Lovde Veronica djupt og inderlig å legge ut det her. Blei eit sekund i tvil no, men gjer det likevel. Tilbakemelding er satt pris på. :)
Om
Tenk om verda hadde vore enkel. Da hadde vi aldri hatt det særlig gøy. For korleis kan du vite at det er enkelt når ingenting er vanskelig? Korleis kan du ha det gøy når det ikkje fins noko som er trist?
Det er gjerne derfor ein må gjennom ein del ting i livet. Leve på kanten for å finne ut korleis det er å ikkje leve. Det er umulig å vite om ein fungerar uten å vite korleis det er å nesten ikkje gjere det. Det fins for mange som er slik i verda. I alle fall altfor mange som ikkje tør innrømme at alt ikkje er perfekt heile tida. Nokon vil meine det er for få og at alle som har hatt det fælt i livet sitt aldri hadde hatt behov for å ha det sånn. Likevel – kva skal du gjere da? Den som aldri har opplevd å nesten gå fra vettet fordi ting ikkje er bra, er nesten meir fattig enn stakkarane i Sudan, uten samanlikning forøvrig.
For av og til lærer du av feila dine. Det som gikk på trynet for eit knippe år sidan, det klarar du å gjere godt igjen seinare. Du kjem vidare, klarar å stable deg på beina igjen og la livet gå sin gang, med oppturar og nedturar og det som ellers måtte følge med. Du lærer å mestre ting. Dei var gjerne omtrent uoppnåelege tidlegare. Arr og gamle skader fra slikt blir liggande lenge, kanskje for alltid, men på eit vis går det å leve med og bøte på sånn nokonlunde. Av og til får du litt oppgulp av det som var, og du kan føle deg stolt over å ha klart å holde det på ei viss avstand enda ein gang. Kvar dag er eit framsteg. Vi er berre litt nostalgiske og minnast det som var innimellom, og det trengs. Eit minne om det som var uten å rippe det opp er greit å ha.
Stort framsteg var det til dømes den dagen det rann på som verst. Da ingenting var mulig å gjennomføre, ikkje fordi du ikkje ville, men fordi du ikkje klarte. Likevel, det å da klare å gjere ingenting er ofte eit stort framsteg i forhold til før, da du kanskje gjorde noko du ikkje skulle i staden for å la vere. Da er det, for ein gangs skuld, positivt å gjere ingenting.
Enda større framsteg har du den dagen du går fra å gjere ingenting til å gjere noko. Går på butikken uten å vere redd for blikk, hevar stemma i ei forsamling og formidlar ditt budskap, dine erfaringar om ting. Tar trikken uten å ta og føle på konspirasjonane mot deg, eller ikkje blir redd av den kalde trekken seint på kvelden. Lar tankane gå sin gang uten påverknad, tar hensyn til dei og tør å la andre få eit innblikk i livet ditt. Først da bør du kalle deg eit fullverdig menneske.
Ein dag går du tilbake i tid. Du gjer det samme som du gjorde for eit knippe år sidan. Fører deg sjølv inn i risikoen, uten å vere heilt sikker på kva du går til, men overbevist om at det må gå bedre enn før. Ting endrar seg jo. Du hoppar i det, og ikkje før akkurat for seint finn du ut at det var feil. Feil epoke, feil århundre, feil år, feil måned, feil dag. Feil.
Det ramlar over deg igjen. Kva i alle dagar tenkte du med? Kvifor gjorde du det her? Det passa jo så dårlig.
Eg trudde denne delen av verda kunne endre seg. Eg har jo endra meg. Kvifor skal ikkje denne lille verda følge etter og la meg leve med det som var uten å få det i trynet igjen? Men ein ting skal denne skumle og isolerte vite – dette er siste sjanse. Går det ikkje no, går det aldri. Eg gjer mitt beste og stiller med det eg har, så får du prøve å sleppe meg inn.
"Hvis alle tanker var fine tanker ville man aldri lagt merke til hvor fine de egentlig var."
-Takk til Tormod for fint sitat med tilhøyrande tankar. :)
tirsdag 17. juli 2007
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Thanks babe:)
Hm, det her var fint, og ganske så tankevekkende..
Hyggelig! :)
Legg inn en kommentar