Eg likar slike periodar som det her. Ting, idear og tankar kjem dalande ned i meg som om det alltid skulle ha gjort det. Det kan ha noko med å gjere at eg har så ufattelig lite å gjere på jobb akkurat no. I dag har eg nesten ikkje gjort noko som helst utenom å drikke kaffi. På ettermiddagen har eg ikkje anna å gjere på enn det eg måtte klare å ta initiativ til å gjere sjølv, og nokon veit jo at akkurat initiativet i mange tilfeller er totalt fraværande.
Anyway, eg føler meg litt stua vekk akkurat no. Dytta inn i ein krok og forlatt der. Sjølv om eg jo har reist hit på eigen fri vilje og greier, så føles det ikkje spesielt bra. I går var vi, dvs. firmaet eg jobbar for, på trimtur til Vetti. Det var ålreit, og eg fekk dei første to klippa mine i turlaget sitt trimkort. Må vel sette meg for mål å klare å fylle det i år og, i fjor hadde eg 16 klipp eller noko sånt. Det er fullt på 30... Og det var virkelig fint framover der, eg har ikkje vore der sidan 5-6-årsalderen, og ein vakker dag må vi gå heilt til Vettisfossen. Skal dele eit knippe bilder neste gang eg kjedar meg sånn at det går an å sjå kva ein går glipp av.
Dei glade dagar nærmar seg med stormskritt da. I morgon reiser eg til Ås for å vere med på det årlige Mjøsheimtreffet. Da har eg ei veke ferie, og eg skal, enten eg kan klare det eller ei, til Hamar og vere med mine kjære der. Desse første dagane av sommarferien har gitt stygge flashbacks til 2003 og 2004, og dit vil eg ikkje igjen. Håpar det går over etter kvart.
Ellers har eg som kjent rabla ned litt skriveriar sånn utenom denne bloggen, og eg vurderar å publisere eit av dei skriveria her seinare i dag. Det er berre veldig skummelt å formidle slikt uten vidare, så eg legg det kanskje ut for så å fjerne det igjen seinare eller noko. Det kjem litt an på alt.
Came here to watch you play
Why are you running away?
Premie (?) til den som kan fortelle meg kva låt tekstsitatet er henta fra.
Yes, 1,5 time til eg er ferdig på jobb...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Hamar, Hamar, kom til Hamar! Bare si fra når du tenker å komme så jeg kan prøve å være der også;) Hihi.
Er det ikke Tool? Husker ikke hva sangen heter...
So good to see you, I´ve missed you so much?
Kos deg med Mjøsheim-menneskene:)
Jeg stod prøven på vekterkurset idag! Hehe. Hurra for å være utdannet vekter;p
Det er nok TOOL. Du manglar låtnavnet da, men den heiter Third Eye og fra Ænima
Gratulerar som vekter!
Legg inn en kommentar