Er litt tid sidan sist eg hadde noko å sei, men har vore i begravelse i dag. Det var jo veldig tungt, men litt lettare enn eg frykta. Kanskje det hjalp noko på å vere til stades på minnestund i går, pluss å vere med og ordne litt rundtom og bidra litt, det er greit.
Vi har øvd eit par dagar, eg, Anette og Kjetil spelte to låtar i minnestunda etterpå i dag, og eg debuterte på piano framfor meir enn 2 personar. Før den tid var eg tidlig oppe i dag, og var i bedehuset og øvde litt der og, pluss at eg hjalp til med å bære kista inn i kyrkja når den tid kom. Eg og Anette var programutdelarar, samt at eg køyrte rullestolrally på kyrkjegården etter kista på veg ut (farmor er litt skrøpelig til beins). Ellers er det ikkje stort anna å sei om slike dagar, bortsett fra at dei er meir slitsomme enn eg likar dei. Og jo - Karl Seglem er ein mann som VIRKELIG kan spele sax. Han var med og hadde to soloinnslag under begravelsen, og berre klangen i den saksofonen var nok til å få folk til å felle ei tåre eller to. Alle saksofonistar bør studere han litt, syns eg.
Ellers skal det nemnast at det var ein fantastisk flott begravelse, og at tante var utrulig sterk som klarte å lese opp kransen fra alle søskena og legge den på kista. Det hadde eg ikkje heilt trudd på forhånd. Fantastisk.
Now playing: Jan Garbarek - Molde Canticle, originalen til den Karl Seglem spelte midt i gravferda i dag. Den er virkelig vakker.
No er eg egentlig berre veldig sliten, men sånn er det gjerne.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar