Skriven 28.04.2007 kl. 12.02:
Om den oppmerksomme lesar måtte kjenne til artikkelen til Geir Zahl i studentavisa (den gang han var student i Bergen og ikkje norsk rockeartist) og deretter lure på om dette er eit lite plagiat – det er heilt rett.
I skrivande stund sitt eg på bussen ”min”, dvs den alltid hyggelige, langtekkelige og ufyselig kjedelige Valdresekspressen. Eg har blitt akkompagnert av god musikk fra iPoden min, alltid med, og det heile begynte heilt greit – til vi kom til Sjølyst, vel og merke. Da kom det på ein lystig kar med 2 små guttar, søte greier. Heilt til snytinga begynte, og deretter har eg vore jamnt frustrert.
Heilt greit – det er klart det må vere lov å snyte seg på bussen, for det er jo litt vanskelig å gå ut og gjere det. Men det er IKKJE nødvendig å gå amok med lommetørkleet kvar gang noko som lignar på ein buse måtte nærme seg. I tillegg hjelp det ikkje det grann å sitte og snyte ut ingenting, spesielt ikkje når det overdøver heile bussen, iPoden min og irriterar vettet av meg. Til og med den timen eg sov, vakna eg kvar gang tingen bak meg absolutt måtte snyte.
Eg skal sitte her til 14.55, og eg håpar inderlig å bli kvitt snyteskaftet før den tid.
Etterord:
Snytaren gikk av ein halvtime etter dette blei skrive, til min store lettelse. No er eg i Årdal og alt er vel. Bortsett fra at eg må skrive essay.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Daaaaaakaj Katrine...
Snytere kan være ganske slitsomt, ja.
Godt de forsvant;)
Men små barn er søte! Vaffal han til Linda<3 "Hvem er du mamman til?" Hihi
Kom hjem, kom hjem! Det er så stille her...
Legg inn en kommentar