onsdag 6. oktober 2010

Vel, vi har slikt å gjere...

At det er travelt. Men sjølv om det er travelt, så er det visse ting som må noterast. Sånn at man aldri, aldri gløymer det. Det er dei gode minna å klenge på, tenke på og ha der når ingenting vil samarbeide lenger. Så kan man i alle fall sjå tilbake, sei det var gøy så lenge det varte og ikkje angre på nokon ting utenom å sutre for litt lite søvn.

For det var kanskje ein av dei kjekkaste kveldane mine på Hydranten i går. Eg trives nesten alltid på jobb der, men i går gikk det over stokk og stein. I forkant var ting som det pleier. Vi sender teknikarane våre på matjakt sånn at dei akkurat når å runde hjørnet før bandet kjem, og så helser vi på kameraet som er det første som møter oss når noko som måtte ligne menneske snublar ut av bussen. Lagar turnedokumentar, ja. Bærehjelp? Ja, dei gikk akkurat for å handle mat. Kjenner vi dei riktig kjem dei tilbake akkurat i det vi har tømt bussen. 

Og lyd? Det har aldri vore lyd på Hydranten før. Ikkje i forhold. Til og med onkel blå tittar innom etter klager på støy fra soundcheck. Trivelig. Om vi har konsertløyve? Vel... Vi driv blant anna konsertvirksomhet. Det burde vanligvis holde? Og ja, vi er ferdig før det er latterlig seint. Sjølv om vi er studentar forstår vi at det er tirsdag, og at etter tirsdag kjem onsdag.

Konsert er gøy, konsert er stas, og barnevakt for både publikum, band og teknisk utstyr er i alle fall morro. Men moroa startar jo ikkje før etterpå. Eg har fortsatt ikkje ei normal sjel i teknisk crew, og godt er det! Enda bedre blir det når det viser seg at banda faen ikkje er eit sekund bedre dei heller. Turnerande musikarar er farlige folk. Det er og overtrøtte teknikarar. Det er ikkje trygt å skate i storsalen samtidig som vi vaskar den, nei. Og blir det raveparty i puben, så må man jo danse! Så skriver vi vaktlogg, men det syns ikkje gutta i banda at er så gøy at dei blir utelatt fra. "Gå og lek backstage, dere!" Burde du egentlig sagt det, Dagny? For er det ein ting gutta kan, så er det lek. Det blei fotball. I storsalen. 3 mot 3, innbitt kamp på ære og berømmelse. Og når vi andre omsider var ferdige med våre kjipe voksenting, så skulle vi vere med på festen. Fotballkampen blei utvida med lokalt crew på begge lag, og endte uavgjort i det ballen forsvant under mikseren og inn blant rotet som ligg der. Vi tok det som eit hint. Undertegna tok med seg to halvnakne bandmedlemmer heim (det er ikkje ofte!) og lånte vekk dusjen sin berre for å observere to veldig salige og freshe rockarar ta vegen ut igjen eit kvarter etterpå. Tre timar søvn og opp og køyre bil til Brumunddal og avregningar i periodeavslutningen. Litt kontrast, kan man gjerne kalle det.

Det er dette eg vil huske. Dette er dei augeblikka eg aldri vil gi slipp på. Eg skriv dei ned, arkiverar dei innerst i hjernebarken til dei dagane eg treng dei. Det varmar godt på ein sur høstdag, og det gjer meg lun og piggete på ein gang når livet buttar i mot. Følelsen av at så bra kan alt vere, når alt er så ræva.

Og så går eg da med kaffekoppen min, gliser og flirer litt ein heil dag blant purringar, betalingsforslag og kjipe dupliserte fakturaer på ASKO. Fra 8-16.30. Om eg angrar stort på at eg ikkje gikk heim så tidlig som eg kunne? Nei.