onsdag 27. oktober 2010

Dag 4...

...er litt diffus spør du meg. Rett og slett litt dilemma(s). Er det berre ein person, eller er det mulig å tenke ting man vil sei til ulike personar. Eg sliter, merkar eg. For det fins nesten ingen sånne. Eg skal prøve eit stykke på veg. Noko er kanskje allerede sagt, men burde kanskje vore sagt oftare. Resten blir eventuelt berre svada. Fordi eg har vore student så lenge at eg fyller ut med pisspreik framfor å fatte meg i korthet.

10 ting eg vil sei til ein person.
  1. Eg er glad i deg. 
  2. Skjerp deg og ta ansvar for livet ditt.
  3. Ja, eg er akkurat like lite intelligent som deg i blant.
  4. Vil du virkelig det her?
  5. Kva skal du med den?
  6. Huskar du at du skal....?
  7. Dette fiksar du!
  8. Du er jo, alt i alt, veldig, veldig flink!
  9. ...Wow.
  10. ...er unntatt offentlighet. :)

Ingen kommentarer: