lørdag 21. august 2010

Ein liten takk..

Sånn i farta. Eg er ferdig med fadderuka i jobbform og er akkurat passe langt unna Hellbillies i Elverum i kveld, og det er heilt greit. Og eg føler for å vere litt takknemlig. For alt som har vore bra i sommar og tidlig i høst. For dei fantastiske menneska som har tatt i eit tak, hjelpt til og vore der. I løpet av juli måned tilbakela eg rundt rekna ca 2400 km i bil, og resten av tida gikk med til jobb, jobb og ein del trening. Målrock ga meg større bakrus enn eg kan huske å ha hatt nokon sinne, det tok fire dagar å komme til hektene igjen. Likevel er det verdt det. Kvart år. Og sidan no fadderuka nærmar seg slutten, og den stort sett har vore prega av mykje det samme (pluss på forkjølelse!), så føles det riktig å dele dette:

TAKK alle saman som har vore til hjelp. Det vere seg meiningslause tekstmeldingar klokka halv sju om morgonen, kaffeselskap på sære plassar, folk bevæpna med tusj, kulepenn, akkrediteringskort og alt det andre ein kan tenke seg å ha bruk for. You know who you are.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

<3 Vet du at du er fantastisk!