lørdag 6. februar 2010

Hydranten...

...Det er mange som ikkje forstår når eg snakkar om mine lange jobbdagar på Hydranten;
- Begynte halv elleve eg...
klokka halv fire om natta.
Folk lurer på om det er godt betalt.
- Nei, det er frivillig.
- Frivillig?! At du giddar...


Men ja, eg giddar. Det betyr noko for meg som eg ikkje heilt har lyst å vere uten, og eg trur det må forklarast. Det begynte høsten 2006 for min del. Eitt år på folkehøgskule var overstått, eitt år med ein utvikling som, for dei som har stått på sidelinja, må ha vore ganske ekstrem å sjå på. Problemet med folkehøgskule er, uansett kor godt forberedt du er, det tar plutselig slutt. Ein lurer på korleis ein skal takle livet no, og søkingen min på det førte meg til Hamar. Trygt, greit og nærme Gjøvik så eg kunne stikke innom når det passa meg. Og eg søkte meg eit miljø som kunne vere i nærheten av det eg akkurat hadde mista. Første dag i fadderuka blei eg overfalt av to overivrige jenter. Klart du vil jobbe på Hydranten! Det var jo, for min del, bestemt allerede før eg flytta at det skulle bli sånn. Det klikka fort, og eg møtte ein gjeng med mennesker som blei min nye folkehøgskulefamilie. Ein frikveld i Fredrik Monsensgate kunne bestå av sløving heile kvelden, eller at eg sjekka vaktlista og fann ut kven som jobba og berre tok ein rusletur på Hydranten for å sei hei. Alltid nokon å snakke med, alltid (litt for) billig Carlsberg som det fort blei (litt for) mange av.

Og sånn er det den dag i dag. Hydranten har fulgt meg gjennom det meste dei siste tre og eit halvt åra. Sjølv det året eg ikkje budde i Hamar. Opp- og nedturar i hytt og pine. Beskjeden om at onkelen min var funnen død i Thailand kom rett før eg skulle på eit møte på Hydranten. Eg blei tatt i mot av eit par mennesker som ga meg verdens beste klem og som eg kunne snakke litt med og som hjalp meg å forstå kva som hadde skjedd på ein grei måte. Eg har opplevd mykje tøft og slitsomt på jobb, men vi tar vare på kvarandre. Vi veks som menneske i lag, vi utviklar ein stressmestring gjennom hektiske jobbkveldar som få andre kan matche og vi skapar opplevelsar for gjestene våre dei skal huske ei stund. Vi går gjennom tunge periodar i lag, vi mestrar ting i lag, vi ler til vi griner, vi sloss, vi løyser dei mest absurde problem som måtte oppstå, vi drikk på oss koffeinsjokk, vi har verdens beste dårlige humor, vi er fyllesjuke dagen etter jobb med basis i ei øl klokka tre om natta og vi løyser det med å ete sjokoladekake til frokost i lag. Og vi gjer alt gratis. For kvarandre, for kulturlivet i byen og for deg som kjem innom.

Av mine beste venner har om lag alle hatt sine bein innanfor veggene på huset. Det er dagar der eg har følt meg som det mest overflødige mennesket i heile universet, dagar der eg helst egentlig ikkje ville sette eit bein utanfor verken dynekanten eller noko i nærheten av dørstokken og enda mindre hatt lyst å ha noko med folk å gjere. Eg har trua meg ut likevel, trua meg på jobb, blitt satt pris på for den eg er og det eg gjer, og gått heim om natta lykkelig og fornøgd. Stolt over å ha overlevd. Stolt over å ha klart det, på tross av at det måtte all viljen i heile verda til for å klare å låse opp døra for verden og gå ut. Eg kan klappe meg sjølv på skuldra og fortelle meg sjølv at dette mestra eg faktisk. Ein dag der alt anna er grusomt og ubrukeleg, så mestrar eg i alle fall noko. Det aleine snur ein dag fra å vere fæl til å ende opp bra.

Og det er derfor eg giddar.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Hydranten - et hjem for oss, et hjem for deg ;)