fredag 12. juni 2009

Av og til blir ein berre sittande og tenke på alt ein har, har hatt og tydeligvis aldri får. Ting som betyr mykje. Blant dei fins det kveldar som blir altfor lange uten at det egentlig var meininga. Kveldar der ein for alvor ser korleis det egentlig fungerar der ute i verden, kveldar langt vekke fra eigen virkelighetsoppfatning. Kveldar der det er viktig å bryte rutina, reglar og normer og la alt gå som det går. Alt for å få bedre styring på dei innpåslitne tankane som helst ikkje burde vere der. Alle dei eg trudde eg hadde kontroll på slår ut i blomst igjen og skapar kaos og rot i systemet. Det er på dei kveldane det er fint å ha riktig selskap. Ingen treng å sei stort, det er berre viktig å ikkje bli forlatt, det har skjedd nok fra før. Gi meg ein sjans, kanskje er det ikkje så ille? Eller kanskje det er det? Eg kan ikkje svare, tross alt har eg jo stort sett berre tviholdt på fatningen og holdt kjeft. Alt eg treng er nokon som ser og setter pris på det lille eg prøver å bidra med. Verdenen min er så simpel at gode klemmar og oppriktige smil kan redde minuttar, timar, dagar, veker og liv.

Er det for mykje å håpe på? Det blafrar eit urolig lys ved meg. Ikkje la det slokne.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

<3 Nydelige. Kaos og rot er skummelt. Jeg er glad i deg.