tirsdag 31. mars 2009

Sinners International, hello!

Eg veit ikkje kva som skjer... Bloggen er ikkje oppdatert på halvannan månad. Eg lovar med dette bot og bedring. Etter påske.

For det skjer jo så mykje. Ein ting er det vanlige, ein annan ting er turné. Sinners International Tour 2009 har sparka avgårde som pokker, og har egentlig ingen planar om å gjere andre ting enn å eskalere. Fredag kastar vi oss på lasset og reiser til Leipzig. Så skal vi til Wien, før vi avsluttar i Paris. Påsken er ikkje lagt opp til søvn... Og enda er ein jo berre framme til skjærtorsdag, og da er det rett til hyttelivet. Ser ikkje fram til overgangen turné i Paris til hytte på Golsfjellet, den blir nok ganske hard... Og så er det Luster og barnedåp. Travelt? "Ikke i det heeele tatt!"

Og det er det vanlige. Migrene. Savn. Musikk. Trening. Jobb. Reise. Skule sånn av og til på reise. Kron gjerne verket med infall av kreativitet. Det funkar ikkje når det er så mykje å gjere. Og så får eg nesten ikkje sove, sidan eg allerede har panikk for å forsove meg på fredag.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

:) Altfor mange jern i ilden. Ikke nok armer til å holde tak på alle sammen.
Kos deg masse på tur!!!! <3