Det er ei sak som egentleg irriterar meg kvar einaste dag no. NRK Sogn og Fjordane. Eller, for å sette det på spissen vil eg heller kalle dei for NRK Fjordane, då dette verkar å vere meir passande.
Dette gjeld jo i hovudsak MålROCK da, som eg ikkje kan stikke under ein stol at er ein av mine hjertesaker i heimfylket for tida. Forrige laurdag hadde festivalen første reelle artistslepp for festivalen 2009. Turboneger og Postgirobygget står klare til neste år, og vi gjer eit bevisst forsøk på å sleppe to store norske band samstundes (Turboneger syng jo på engelsk, det er det ikkje alle som er glad i - og det veit ein jo), og det blir utarbeida pressemelding og elles satsa breitt på å få alt ut i alle kanalar same dag. Sogn Avis skriv ein artikkel, Porten.no presenterar etterkvart ein artikkel, eg oppdaterar heimesida til MålROCK, Livecity og Facebook med omlag samme informasjon. Pressemeldinga går til mellom anna nemnde Porten.no, Bergens Tidene og NRK Sogn og Fjordane.
Eg ventar ikkje omtale i BT, men det skjer jo av og til at dei skriv litt om Sogn og Fjordane, og det skadar jo ikkje å sende ting dit heller. Det eg saknar er NRK Sogn og Fjordane. Der skjer det ikkje mykje gitt! Her skryt ein uhemma av lokalmusikk-magasinet Lutt, som i og for seg er bra, men eg tør påstå at eg ikkje er veldig imponert. Årdal sine kulturtiltak vert knapt omtala i NRK SFJ, og det er skremmande å sjå debattar som gjekk ein eller annan gang tidlegare i år, om kulturmangelen i fylket. MålROCK-festivalen og det denne står for vart aldri nemd med eit ord, og det er litt skremmande når det handlar om ein festival som trekk over 3000 personar over to dagar i august. I året 2007, MålROCK sitt toppår hittil, blei det publisert ein enkel biletserie frå festivalen. Dette er alt NRK sitt distriktskontor i fylket sponsar eit av fylket sine største kulturarrangement, i tillegg til ting som folkemusikkfestivalen i Førde og Malakoff Rockfestival. Veka på Meieriet i Sogndal er og kanskje i nærleiken av å vere like stort. Alle desse tre arrangementa er på ulike tidspunkt i året, og burde ikkje skape prioriteringsproblem i mediedekninga.
I år, har ikkje MålROCK blitt omtala i NRK SFJ i det heile. Pressemelding har blitt sendt ut, og så vidt meg bekjent har det ikkje skjedd så mykje som burde endre noko frå tidlegare år - og er det gått på bekostning av NRK SFJ så er det noko MålROCK må rette opp i, men eg mistenker at dette ikkje er tilfellet. Eg sender pressemeldinga i forkant av festivalen til både redaksjonen og ein enkelt journalist som ba om det, men ingenting skjer. Dagen etter festivalen vert eg oppringt av ein person som lurer litt på korleis det har gått med oss i år. Eg kan melde at det jo har gått ganske greit, festivalen har gått rundt og det kan ikkje nemnast å ha vore nevneverdige store problem av nokon grad. Ingenting skjer. I staden for vel NRK SFJ å publisere ein artikkel om Kystfestivalen i Kalvåg. Ikkje eit vondt ord om Kystfestivalen, denne har eg ingen erfaring med, men kva er det som gjer denne så mykje meir verdt å omtale enn MålROCK? Kva større nyhendeverdi har ein festival på kysten som gikk bra mot ein festival i enden av Sognefjorden som gikk bra? Klart, Kystfestivalen blei arrangert for første gong - det er bra det, men kva meir?
Eg må få lov å spekulere litt kva årsaka til alt dette er. På meg verkar det som om NRK Sogn og Fjordane boikottar MålROCK-festivalen i Årdal bevisst. Er det verkeleg så katastrofe at vi ser oss nøydde til å booke, til no i MålROCK-historia, tre engelskspråklege band (BigBang i 2006, The Disciplines i 2008 og Turboneger i 2009. Vokalist Ken Stringfellow i The Disciplines er forøvrig amerikanar.) for å skaffe ein anstendig festival? Ja, festivalen må ta nokre kommersielle grep og tenke litt på kva publikum faktisk vil betale for å sjå samt økonomi. I 2008 var grunnen eine og aleine at det var svært vanskeleg å få ein passande avsluttar til MålROCK, og det blei jobba med å skaffe ein norskspråkleg artist til det siste. I tillegg vert konseptet med nynorsk og nynorske dialekter altfor smalt for å drifte ein såpass omfattande festival, men at MålROCK enno har, og vil ha framover, fullt fokus på å presentere norsk musikk på norsk, må da vere smalt nok? Klart, det er kjekt med festival med artistar som syng på nynorskprega dialekter, men Kaizers Orchestra og Vamp er verkeleg blant veldig få store artistar på dette planet. Ein festival lev ikkje lenge med dei to som hovudartistar år etter år! I tillegg må ein da ikkje diskriminere nokon og sei at Postgirobygget ikkje syng på dialekt? Då synk vi like lågt som ein del nynorskhatarar, og det må vi halde oss for gode til!
I mine auge handlar ikkje MålROCK nødvendigvis om nynorsk. Det er viktig, i ei verd der altfor mange norske band syng på eit framand språk - nemleg engelsk, at vi kan vise oss villige til å satse på dei som gjer den tunge jobben det er å skrive god musikk og lyrikk på norsk. Vere seg bokmål, nynorsk eller ymse dialekter. I tillegg er det fint å kunne presentere nokre artistar frå resten av Skandinavia og - som og skriv på sitt eige språk. Det er akkurat det det her er snakk om! MålROCK har fått kritikk for å sleppe til litt for lite lokal musikk, og sjølv vil eg svært gjerne sjå lokale artistar frå Sogn og Fjordane framføre sin musikk på dialekt på MålROCK, men desse aleine kan ikkje trekke 2000 personar framfor hovudscena kl. 00.30 laurdag kveld! Eg er svært oppteken av at lokale musikantar skal ha ei scene å arbeide seg fram, utvikle seg og stå på, og vonar MålROCK kan bli ein betre ambassadør for dette framover. I tillegg til leiiande skandinaviske artistar som syng på sitt eige språk, med hovudfokus på norsk språk i alle variantar.
Er problemet at NRK SFJ syns det er for langt inn i fjorden til Årdal? At det er for langt å sende eposten sin når den må gjennom to bomstasjonar utan å betale? Det faktum at telefonrekninga ikkje vert noko høgare ved å ringe lenger inn i fjorden? Det verkar i alle fall mykje enklare å sende eposten til nabokontoret eller ringe seg gjennom det opne kontorlandskapet i Førde eller Florø.
PS! Det som er svært viktig her, er at dei meiningane som kjem fram her er mine personlege, og ikkje på nokon måte representerar meininga til MålROCK-festivalen. Denne situasjonen er noko eg har lagt merke til og tykkjer er trist for kulturmangfaldet i Årdal, Indre Sogn, resten av Sogn og heile fylket at vi ikkje skal kunne stå samla om det vesle vi har og verne det med nebb og klør!
tirsdag 9. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
NRK i seg selv er en traurig geskjeft, og det overrasker meg ikke om de tror at det å sende en e-post avhenger av om været er klart, og om målet finnes innenfor synsvidde, i en rett luftlinje fra senderen, omtrent som signalspeilet i speideren.
Legg inn en kommentar