Eg har i augeblikket 7426 sangar liggande i iTunes. Det tilsvarar 21,5 dagar med samanhengande musikklytting, og tek opp 38,27 GB av dei 100 GB eg har plass til på harddisken min. Musikken som er der er alt mellom himmel og jord, det er alt fra klassiske store og små verk til metal og jazz. I tal er det delt mellom 50 sjangrar, 709 artistar og 884 album, og på tross av at det treng litt opprydding der er det ganske mykje.
Det er eit stort problem akkurat no, for ingen av dei 7426 sangane, 50 sjangrar, 709 artistar eller 884 album fristar meg nevneverdig. Eg vil så gjerne høyre musikk, men eg anar ikkje kva musikk eg vil høyre. Hovudet mitt kan til og med ikkje hoste opp ein simpel sjanger som fristar, og det er ille.
Det her er vel nok ein fase. Livet er jo fullt av slike fasar, men dette er kanskje blant dei desidert eklaste eg har. Veldig mange andre fasar og følelsar er greit definerte, om dei er aldri så vanskelige å takle, så veit du i alle fall stort sett kva dei gjer med deg og ofte og korleis dei kan løysast. Denne derimot, luskar rundt og gjer meg irritabel og hinsides tiltakslaus. Eg vil jo gjerne høyre musikk, men eg klarar ikkje finne ut av kva eg faktisk vil høyre på, og ingenting treff blink.
onsdag 3. desember 2008
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Denne musikken, assa... Trist når det skal være sånn. Musikk som er så viktig!
Det er vondt å si det, men jeg kjenner faktisk følelsen. Men den er ikke her nå heldigvis, da...
Det går vel over, kjære:)
Har opplevd det der selv. Det er forferdelig :/
Om du tror det kan hjelpe kan jeg sende deg et par låter som jeg hører på igjen og igjen. Med fare for at du har de allerede da.
Kaja: Berre å slå seg laus. Stoler på deg når det kjem til musikk. ;)
Legg inn en kommentar