tirsdag 15. januar 2008

Pain is when you feel nothing...permanent.

Føles som ein evighet. Sidan sist eg blogga, sidan sist noko som helst skjedde egentlig. Det er rein løgn i bunn og grunn. Hjerna mi tullar med meg igjen. Det føles som ein evighet sidan eg var på tur sist. Det er 8 dagar sidan eg kom heim i dag. Minst 15 dagar til eg skal på tur igjen. Det er ein evighet i mi tidsrekning akkurat no. Føles som om ingenting er eksisterande lenger, var alt berre ein drøm? Er det fortsatt slik at det eksisterar nokon som meinar det eg alltid får inntrykk av når vi er saman? Eller er det egentlig berre innbilling alt saman? Av og til virkar det sånn. Kanskje spesielt no. Eg føler veldig lite. Gledar meg lite, savnar lite. Kanskje min måte å takle det på? Veit ikkje. Men eg trur det er hjerna som tullar med meg. Igjen. Og eg må klype meg sjølv i armen eit par ganger om dagen for å skjerpe meg og nesten sei høgt til meg sjølv at den tanken, nei, det er berre tull. For det er den jo...?

Før eg fem minutt seinare tenker det samme ein gang til. For det føles jo sånn. Håpar eg tar feil. For eg orkar det ikkje om folk plutselig skal forsvinne ut av livet mitt, late som eg ikkje eksisterar og/eller trekke seg unna. Det har skjedd ein gang for mykje. Eg prøver så godt eg kan å holde alt oppe, men det er vanskelig. Som sagt tidligare ein gang, det er hersens irriterande at verden ikkje lar seg harmonere på perfekt vis. Eg kan ikkje, klarar ikkje, har ikkje mulighet til med dagens teknologi, å vere tilstades for alle eg ønsker å støtte på ein gang.

Pain is when you feel nothing - permanent.

Da har eg lirt av meg litt skit, så da får eg gå på korpsøving, slite meg ut og kose meg der. Hjertebarnet mitt i Årdal, ser det ut som. Med ein jævelskap av nokonlunde medisinkurert migrene innabords. Herlig.

Og Kaja; Eg tenker på deg. Masse. Håpar og trur alt går bra til slutt.
Veronica: Glad i deg og. Gledar meg til du kjem og vi får musisere igjen. :) Du er ikkje unntaket som bekreftar regelen, sant...?

6 kommentarer:

Veronica sa...

Uffa, ting ordne seg til sluttski!

Og ja, eg er ikkje untaket som bekrefter regelen:p haha
Og du e genial i din komplekse enkelhet!

Anonym sa...

Glad i deg jeg, Katrine. Hvis ikke alt går bra til slutt vet jeg ikke hva jeg gjør. Det må bare det.
Håper det ordner seg for deg.

Anonym sa...

Kjære, søte Katrine. Verden går videre når folk drar til forskjellige steder. Dessverre. Men på hamar er du snakket om, tenkt på og savnet. Jeg er glad i deg. Masse, masse glad i deg<3

Katrine sa...

Klart at verden går vidare, det er jo berre slik det er og ingenting å gjere med. Det må eg jo berre akseptere, og det er eg klar over.

Men det er jo kjekt å få eit livstegn innimellom...? Ingen kan forvente ein livslogg eller anna tøys, men det er kjekt å få høyre fra dykk innimellom. Syns eg da.

Ellers er det nok hovudet mitt som tullar litt med meg og har tendens til å tenke slik sjølv om det ikkje heilt er tilsikta. Dessverre.

Daphne Sofie sa...

Vi skal bli flinkere til å livstegne oss. Karikaturtegning kanskje? Det hadde gjort seg. Vi snakker om deg. Da er det jo helt mongo om man glemmer å snakke TIL deg. For man er glad i. Ekte glad i<3

Katrine sa...

:)

*poenget har komt fram*