Mandag:
Mandag reiste eg fra Årdal til Hamar for å vere med dei herlige. Uansett, når eg nærma meg Hamar, fekk eg ikkje fatt i Dagny (krise, krise!), Tormod hadde jo ikkje peiling på kvar Dagny var, men til slutt ringte Silje og var ein reddande engel og møtte meg når eg hadde gått av bussen. Vi reiste til galskapens kollektiv og fann ein Dagny der, som egentlig berre var på veg ut til sin mandagsmøtemaraton (MMM). Mandag var ellers prega av å gå på Maxi, gå til byen, kaffe på Alle Tiders litt og så henge i kollektivet resten av kvelden. Heilt akseptabelt for meg.
Tirsdag:
Frisørtime og juleshopping. I tillegg var det dagen da eg og Dagny var i komponeringsmodus på Hydranten og eg møtte Kristian, Stian og Bjørg (derav Bjørg holdt på å søle ein full kaffe latte i fanget på meg) mens Dagny og Tormod var på møte i StorHK. Resten av kvelden da var prega av hobbyaften på Hyd, strikking og Gruble til langt på natt. Trur eg var til sengs i 05.45-tida.
Onsdag:
Sove litt. Nerde masse med Silje og etterkvart Dagny. Buss til byen, henge på Hyd med Tormod (vifte, vifte) og reise heim. Irriterande å ikkje få sove på bussen ("Helvete, MÅ du ha flomlys inni bussen da? Vi har da leselys av ein grunn!"), og litt sliten i det eg kom heim kl. 23 og køyrte meg sjølv og nokon som hadde vore på kafeen og drukke heim. Gikk og la meg ganske tidlig, men uansett kor tidlig 23.45 er, så hjalp det ikkje stort.
Torsdag:
Vakna kl. 04.50 pga restane av influensaen, og observerte ein litt urovekkande melding (men heilt rettmessig sendt melding) på telefonen som gjorde at eg ikkje heilt fekk sove, men sov litt før eg stod opp kl. 05.50. Dusj og plukke med seg toalettveska fra resten av veka og stikke på jobb i Gaupne. Var på jobb ca 08.15, og blir møtt av dei hyggelige menneska og nykokt kaffe. Fantastisk! Jobba til 16.30 omtrent (det var smertefullt), tok middagspause, ein telefon, ordna opp i det faktum at min avtalte overnattingsplass var blitt sjuk (fann ein ny kollega å sove hjå) og slappa av litt, jobba litt til og tok kvelden. Fekk smake på is-med-vatn-oppå-føret og fekk låne ei loftsove, madrass, dyne og pute om natta og do og dusj morgonen etterpå. It's all you need.
Fredag:
Opp i morgonkvisten og gå på jobb igjen. Jobba til 16.30 og reiste omsider heim. Heime ca kl. 18.10, og klar for gullrekka på tv ein fredagskveld. Hygge i heimen. Skreiv sang til julebordet, sidan mamma jo hadde påpeikt at eg burde skrive sang (og eg tok ho på ordet), øvde litt og det å legge seg for min del på fredag og vite at eg ikkje skulle opp tidlig lørdag, var utrulig digg.
Lørdag:
Sannsynligvis den desidert lengste og actionfylte dagen. Vakne i 10-tida, sove til 11. Omsider litt utkvilt, men tusen ting å ordne gjorde at eg farta rundt heile tida likevel. Avreise til julebord var kl. 14.30, så vi anskaffa litt alkohol, pakka ned kle og gitar og reiste avgårde. Var på Filefjell ein times tid seinare, fann oss ein plass der vi skulle sove (vi overnatta i hytter), og vi som var uten følge fekk den desidert kulaste hytta. Vi var 3 stk i ei hytte med plass til 11, hadde kvart vårt bad (mitt var størst), og til mitt bad høyrte det badstu til. Synd vi aldri fekk tid til å prøve den, det blei veldig lite av det planlagte nachspielet i badstuen til hytte Geir med Baileys'en til Torill og meg og Frode som skulle vere med å drikke den.
Vorspielet blei nemlig i hytte 4, ein sløv gjeng med min mor i spissen. Der var det ikkje halvparten så lukseriøst som i hytte Geir, og det måtte vi som budde i hytte Geir jo naturligvis påpeike kvar gong anledninga bydde seg slik. Uansett, der var det øl, vin og rusbrus til alt og alle, og eg hadde tatt ansvar for min mor ved å kjøpe litt for mykje øl til meg sjølv sånn at ho kunne få resten av ølen min når ho var tom sjølv. Vi la detaljerte planar for sykkel og sykkeldrakt som mamma skal ha under Grenserittet 2008 som ho visstok skal sykle, og mange andre problem blei fort løyst der. Til slutt nærma vi oss kl. 19.00, og da måtte det skiftast om til penare antrekk og den formelle starten på julebordet. Mamma introduserte alle nye med ei stemme som eg konsekvent kan lukte promillen av, og det heile var koselig. Velkomstdrink endte for ein direktør sin del ut over heile golvet i baren (kanskje allerede eit dårlig tegn), og middagen var knallgod. Første inntak av julemat i 2007 for mitt vedkommande. Likevel, ein fryktelig vond toppetasje satte litt demping på steminga for min del, og alkoholinntaket blei midlertidig stoppa (heilt til eg fann ut at eg ikkje under nokon omstendighet skulle bruke bongane mine på brus...) under middagen. Kanskje like greit, for da kunne eg jo sørge for at det kontinuerlig var vin i vinglaset til Frode (som vi hadde satt oss som mål å skjenke full og sleppe på akebrett ned bakken til hytta når kvelden var omme). Eg hadde aldri sett mannen nyte alkohol før, så det var underholdning på høgt nivå.
Etter at Frode fekk ein friskis til dessert (der vi andre åt sjokolademousse og sånn), så var det ned i baren igjen. Der var det "livemusikk" med to trubadurmennesker som spelte coverlåtar av kjente schlägers og bydde til dans ved hjelp av ein casio, eit par gitarar og ein haug med diskettar som det sannsynligvis var MIDI-komp på. Akkurat den biten toppa seg når dei spelte playback til gitarsoloen på Another Brick In The Wall (pt II), og da holdt eg nesten på å gå. Men - min komponerte sang måtte fram i lyset, så eg framførte den heilt ferske, og ikkje heilt stødige Revisormedley framfor alle på jobben (ca 20 stk, og eg kjenner halvparten) i tillegg til å lese opp den lille teksten med Perler fra Rob, som gav opptil fleire mennesker ein god latter.
Men - det er først no julebord begynte å ligne julebord. Det gikk slag i slag:
- Promillen blei høgare og høgare. Dette gjaldt alle utenom meg, som ikkje drakk noko før etter framføringa mi, og da drakk eg opp bongane mine og det var stort sett det.
- Oddgeir la seg i ein jamn dur av White Russians (guess why, Veronica).
- Mamma blanda øl og vin og sprit og tøy og bøy i ein fantastisk urovekkande kombinasjon.
- Eg blei fratatt min hysteriske unnskyldning om at "eg kan jo ikkje danse!!!" etter å ha blitt bydd opp til dans, takka nei og slept ut på dansegolvet likevel. Promillen for min del var jo ikkje i nærheten av høg nok til å danse i utgangspunktet, men shit happens og slik er da det.
- Fotoapparat på julebord = veldig farlige greier. Å sleppe Frode laus med fotoapparat på julebord = enda farligare. Fotoapparatet lever enda, heldigvis. Men bildene, uff, bildene...
- Dartteknikk blir vanskelig når man er full.
- Nachspiel på hytte 3. Dit blei eg booka som trubadur, så eg slepte med meg gitaren min og var med. Eg spelte eit knippe låtar før mamma fann ut at vi skulle synge saman, og da forsvant Frode... Heldigvis viste det seg at han ikkje hadde gått heim til hytta da, men vi gjekk dessverre glipp av å få sleppe han utfor bakken på akebrett... For han kom nok definitivt sist heim av oss tre.
- Ting som skjedde på nachspielet er langt utanfor ting eg har sett skje, i alle fall med dette mennesket. Og det verste av alt - eg har film av greiene.
- Julebordet endte for meg i kapitulasjon fra nachspiel omtrent kl. 05.00. Herlig.
I dag har egentlig vore grådig sløv. Vi skulle heim igjen med avreise kl. 11.00, og måtte jo reise da. Det var rimelig stille i bussen på turen ned, for folk var übertrøtte. Ellers har folk i heimen i dag vore bakfulle (med unntak av meg, som er i finfin form), vi har fått farlig god middag hjå bestemor og ellers tatt oss til fryktelig lite. Eg har snekra litt i musikkverdenen og prøvd å få unna eit par ting på to-do-lista mi. Puh. Og - neste veke blir ikkje stort bedre.
Eit par kvåotz:
"Jeg har gleda meg til denna hele uka!" - Stian
"...du....det er tirsdag i dag!" - Kristian
"...å..."
"Ja, vanligvis så er det jo i gjennomsnitt sånn ca...8 uker i møte.....NEI!...8.....møter i uka!" - Dagny.
"Ja, du har jo lov til å tenke av og til du og." - fra jobb.
"Kjendisalarmen gjekk, kan du sei..." - Laila hadde møtt på ein eller annan kjendis ho ikkje kjente igjen på handel i Oslo.
"Så kan du ha speedometer levert av Agnitio! Du vil jo alltid ha sykla lenger enn det viser, for halvparten av kilometrane dine havnar jo i spamfilteret." - Undertegna når vi diskuterte grenserittet på sykkel. Agnitio er leverandør av eposttjenester og websider og diverse slikt.
1 kommentar:
Fy flate!!!! Heilt nydelig! Her har du oppskrifta på eit perfekt julebord:D:D
O helten min, evt trubadur!
Bra drinkane mine sette spor:p
Legg inn en kommentar