- Ein søt, malande nisse gliser mot meg. Eit eller anna blir malt grønt. I alle fall ikkje juletreet eg er på jakt etter.
- Ein feit nisse med ein gigantisk bart dukkar opp bak skrapefeltet. Definitivt ein trøndernisse. Ein trøndernisse i toern er altså noko suspekt syns eg.
- Ein bitteliten/kortvokst (stryk det minst politisk korrekte) nisse strekker armane sine ut i den vide verda og opplyser om at, nei, du har ikkje fått juletre i treern.
- Ein tydeleg forstyrra nisse som klatrar opp ein imaginær vegg.
- Flørtenisse. Ikkje ei fin grøn, gran, men ein veldig billig flørtenisse må nesten vege opp.
- Trøndernissen har tydelig blitt svært forelska i ei lita nissejente (uansett kor sprøtt det måtte høyres ut). Kvast i busken er det derimot dårlig med.
- Ein liten nisse rir på ein rosa gris og har det tydeligvis koselig med det faktum at det fortsatt ikkje er nokre juletre å sjå.
- Ein litt større nisse med ein sekk som blir holdt langt unna mine hender (sikkert full i premiane). Den ler til den griner - enten av at eg ikkje får tak i premiane i sekken hans, eller av det faktum at eg fortsatt er uten eit einaste juletre.
- Ein stor nisse ønsker meg glædelig jul. Blir ikkje mykje glæde i huset uten juletre.
- Skulenissen ønsker å sei noko. Eller den rekker fingeren. Litt usikkert.
- Nok ein nisse som ler. Denne peikar i tillegg. Akkurat som om det ikkje var nok allerede.
- Ein opplagt mindreårig nisse har på skummelt vis fått tak i rakettar som den har plassert i hendene på ein snømann i tydelig psykisk ubalanse.
- Noko som lignar på ein finurlig miks av ei blå ku og eit reinsdyr. Gigantisk snyteskaft.
- Omg!!! Eit juletre! w00t! Dog, det første juletreet blir jo ein tydelig n00b da.
- Ny nisse. Denne gangen ein nisse som et graut som må smake forferdelig.
- Levande-lys-og-godteri-nisse. Eg blir misunnelig.
- Nok ein mindreårig nisse... Denne er nødt til å vere dyremishandlar, for høna nissen sitt på ser ikkje ut til å ha det godt. Fysj. Avle vold i ein kalendar for ei god sak?!
- Snowboardnisse i pensjonsalderen.
- Snoke-i-pakken-nisse. Fysjom.
- Trommenisse som er nødt til å vere svært i utakt, sidan det er veldig få juletre på meg.
- Ein nisse eg ikkje klarar å sjå kva driv med. Eit eller anna er proporsjonelt på viddene sidan den har lue som er større enn seg sjølv.
- Åge-Aleksandersen-nisse. Den nyter mykje lys og varme. Men ingen juletre.
- Ein langer-snømann lyser mot meg. Kven er det ellers som plasserar ein slik snømann i ein stor by med gigantisk lue?
- Wohohohoo... Gledelig jul, nok eit juletre. Dog, minste antallet juletre for å vinne noko, er 3... Som vanlig har eg 2.
- Og sidan eg ikkje vann, skrapar eg det mest spennande feltet av alle: Kontrollfeltet. Der er det eit firesifra tal.
onsdag 28. november 2007
Adventskalendaren - ein juksehistorie.
Korpset mitt sel adventskalendarar no like før jul (eller, som det blir påstått, 24 lodd for 30 kr). I mangelen av å få solgt dei (gi lyd om du vil ha), har eg kjøpt eit knippe sjølv. Det fører til ein skummel trang om å skrape dei, og eg har gått på akkord meg sjølv og godtatt at eg skal skrape 1 slik kalendar. Det er altså 24 skrapefelt (25 med det morsomme må-ikke-skrapes-feltet som man alltid skrapar likevel), og poenget er å finne juletre i skogen med nissar for å vinne eit eller anna småteit noko. Og dette er skrapehistorien:
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
2 kommentarer:
Å fy flate. Heilt nydelig!!
Ja, eg vil kjøpa. For dette høyres svært artig ut:D
Ler så jeg griner!
Forstyrra nisse i imaginær vegg:)
Legg inn en kommentar