fredag 19. oktober 2007

Jagerfly over huset ditt?

Må poste den her og... Kort historie fra det virkelige liv:

Nokon kjenner til at eg, kvar fredag, jobbar i Gaupne. Ein plass som du kan søke opp på Gule Sider og sjå om du finn ut kvar ligg i landet om du ikkje veit. I dag er intet unntak, men følgande har skjedd i dag: Ei tid etter eg var begynt på jobb, kom det eit helvetes brak hit etterfulgt av generelt høgt støynivå, og to-tre jagarfly kom flygande over bygda lavt som pokker. Trur ikkje dei har lov til å fly så lavt eingang, i alle fall ikkje i den farten. Dette er det jo naturligvis ei historie/delvis forklaring til i bygdesamfunnet: Det er ei som er herfra som visstnok jobbar med reparasjon av jagerfly. Så av og til skjer det at dama er med på prøveflygingar, noko som i enkelte tilfeller gjer at ho ringer til mora si, som bur her og opplyser om at ho tar ein flygetur over bygda....

Det gir litt ny meining til det fantastiske sitatet til Tormod om å fly jagerflya sine over huset til folk... "Hei mamma, no kjem eg og flyr jagarflyet mitt over huset ditt igjen!"

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

For noe bra... Nå kommer jeg og flyr jagerflyet mitt over Årdal igjen;p Hehe... Det hadde gjort seg.