onsdag 10. oktober 2007

Før...

- Du veit at vi skal hente tilbake før?
Om ikkje, er det noko som har gått deg hus forbi... Vi skal ta tilbake før. Leite etter det som var, da alt var som det skulle. Da ingenting var mellom oss. Da ingen av oss gjorde noko dummare enn å få hjernerystelse på fylla. Før, da vi stoppa på veg heim fra byen for å sjå på nordlyset. Før, da vi møttes i gangen om morgonen, eg på veg ut, du på veg heim. Før, da eg sovna til lyden av telefonsamtalar og musikk fra andre sida av veggen og du lot deg irritere over at eg alltid var i dusjen når du skulle på badet. Den tida før, da alt var som det skulle vere.

Enda møtes vi stadig vekk. Akkurat som før. Berre at no er vi vanligvis skilt av fjell og dalar og ikkje av den tynne veggen. Eg sovnar ikkje lenger av betryggande skritt i gangen eller musikk fra andre sida av veggen. Eg irriterar meg ikkje lenger over antallet einingar i gangen. Faktisk irriterar eg meg litt for at eg ikkje har noko sånt å bli irritert på. Det er sakna. Men mest av alt saknar eg alt det som var bra. Alltid det ein søker mot.

Når vi av og til møtes, blir alt som før etter berre litt tid. Likevel stikk det alltid noko under der. Dette er ikkje før. Det skal ikkje vare lenger enn litt. Vi prøver å stoppe tida, men når vi er saman, klarar vi ikkje å stoppe den. Det er så enkelt ellers, men når vi er fleire spring den fra oss. Full spurt, vi blir hengande etter og tenker at det blei for lite tid når tiden er framme. Framme til der den må tilbake til ruta si og vi igjen er skilt av høge fjell og trange dalar. Mens tiden ventar på det tapte og står stille.

Og i det tidspunktet går tankane tilbake til før. Tilbake til kvar feilen skjedde. Eg finn det lett. Feilen skjedde når eg gjorde eit valg. Eit valg eg aldri skulle gjort. Eg såg det ikkje før det var for seint. Eg såg tidlig at det var feil, men ikkje kor alvorlig feil det var før det var altfor seint. No sitt vi alle saman og lengtar tilbake til før og til da tida sprang fra oss.

No står vi der, kvar for oss. Vi ønsker at vi var samla, og er så smerteleg klar over at vi ikkje er det. Ting går litt rundt for oss da. Det som før var så greit å håndtere blir plutselig veldig komplisert. Omgjort til eit stort monster som det nesten er umulig å beseire. Aleine er det heilt håplaust, det er i alle fall sikkert, og kvar for oss står vi der med kvart vårt store monster å håndtere. Verda virkar håplaus, den er håplaus da. Og likevel er det ein ting vi har gløymt. Vi gløymte tiden.

Plutselig, mens vi trur vi har alle mot oss, slår det verste vi vanligvis veit til – tiden tråkkar på beina våre, vil ha oppmerksomhet. Lograr som ei anna bikkje. Da gjeld det å sleppe den inn. Den hjelper oss da. Kan la ting gå litt bedre, om vi lar tida hjelpe til. Likevel, tiden er berre vårt nest beste våpen i krigen. Det beste er oss. Der vi står på kvar vår kant og krigar er vi fortsatt samla, sjølv om vi ikkje ser det så godt. Og med tida på vår side er vi nødt til å vinne. Tida ventar nemleg på alle oss.

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Nydelig:)
Før skal bli bra. Ikke kanskje. Jeg gleder meg. <3nordlys<3