Det er så enkelt å finne ut at det var feil å flytte fra Hamar. No har eg gått på skule i Sogndal i 3 veker, og eg savnar Hamar så intenst at eg ikkje veit kor lenge eg orkar å vente på det vakre. Vi (dvs eg og Veronica) har for lengst funne ut at vi ser ut til å høyre heime ein annan plass enn der vi er. Konklusjonen vår har blitt at det egentlig ikkje lenger eksisterar eit valg å ta. Det eksisterar berre avgjerdsler å ordne, ting å forklare for familie og lokalsamfunn og praktiske problem/utfordringar.
Eg føler meg veldig snart klar til å ta dei på strak arm. Det er berre det at det er ting eg har lyst å bidra med her heime og. No er eg aktiv med korpset her, samt trenar for eit knippe små jenter i fotball. Damelaget her har og behov for meg, og det vil muligens svi litt å forklare ståa til alle desse. Er eg klar for å la det svi litt? Det er nok verdt det. Det kostar kanskje eit par skuffa sjeler, men det gjer mykje med meg. Og det tjener forhåpentligvis alle dei glade menneska eg møtte i helga enda meir. Det er ikkje gøy å skuffe folk, men det er heilt umulig å gjere alle til lags sjølv om eg så inderlig vil...!
I tillegg kan eg leve i Hydrantenbobla. Det er den beste bobla som eksisterar, for i Hydrantenbobla kan man rømme fra alt. Det vanlige livet er det berre å skyve unna for eit knippe dagar. Alle dagligdagse problem/utfordringar blir satt igjen utanfor døra når ein går inn, og dei kjem ikkje tilbake før det nærmar seg at du skal gå ut igjen. På tross av at dei da kjem med dobbel styrke, så er det ikkje eit sekund tvil om at det er verdt det. Det er faen meg digg å forsvinne litt fra seg sjølv innimellom. Og måtte virkeligheten innhente deg, så kan du vere brennsikker på at du har det som trengs til stades for å takle det i bobla. Eg spør meg sjølv opptil fleire ganger for dagen - kva i HELVETE tenkte eg med når eg vedtok å forlate dette?!
Tormod og Mabi, takk for verdens beste og mest betydelige klemmar og fantastisk håndtering av eit merkelig menneske i helga. Det betyr så utrulig mykje!
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar