tirsdag 14. august 2007

målROCK 2007!

Kjære alle saman – tulleblogg presenterar: målROCK 2007!!!

For ei veke sidan dukka himmelen opp i Årdal. Både den blå med sol og varmt vær og den andre fantastiske med skyer eg kan fly på. Etter at det i følge tidligare syteinnlegg har regna heile sommaren, så kom været som bestilt og holdt seg nesten. Det var klart for festivalmorro, og sidan det virkelig blei festivalmorro, må det nok oppsummerast i korte trekk, sidan heile setningar vil fylle ei stor bok (denne korte oppsummeringa er berre ei lita bok).

Dag 1. Tirsdag 07.08.
- Den store ventedagen. Snill og Tormodig.
- Innom på fotballtrening, køyretur til Tyinkrysset.
- Grådig utålmodig venting på buss fra Fagernes.
- Ein såkalt ”jævli stor klem” – Tormod kom fram! :D
- Køyretur tilbake fra Tyinkrysset. Ein veldig glad sjåfør og ein forhåpentligvis veldig glad turist-Tormod.
- Kort omvisning i Øvre
- Ned på Tangen, kort omvisning, Kiwi, helse på Bjørnar og hente Veronica. Fleire store klemmar!
- Innom eit førebuande målrockområde igjen. Kjøpe mat, reise heim og lage mat til mange. Sosialt samvær på verandaen.

Dag 2. Onsdag 08.08.
- Dagen da ting begynte å skje. Det var klart for TOTO-konsert og jubileumskonsert for Indre Sogn Sparebank.
- Eg var på jobb kl. 08.00, men blei først møtt av ein morgonkvitrande Tormod som var oppe og fekk frokost og kaffi av meg.
- Tormod og Veronica i parken kl. 10.00 for å fikse rideren til Toto og slikt
- Eg fekk fri fra jobb kl. 10.45. Kl. 11.00 var eg på plass og hjalp til.
- Rideren til Toto er på fleire sider og inneheld ting eg, om det ikkje var for at eg måtte, aldri ville satt fingrane mine i, og LANGT mindre tenna.
- Å vere under leiinga til Martin Holmes var veldig koselig!
- Toto har eit svært hyggelig crew (underdrivelse).
- Steve i Toto var ikkje så nøye på korleis osten blei servert, berre han kunne ete den.
- Popscore var koselig
- Lava var ålreit
- Morten Abel sin konsert var bra! "Nå skal vi møte om 3 minutter....Eh... Nei, vente litt til!" - Tormod når Abel drog ein og annan klassikar.
- Veronica blei elska så mykje at Tormod og Veronica blei kjærestar.
- Nokon stjal ei flaske Aordalscognac etter å ha blitt fornærma av Veronica og Tormod.
- Tormod og Katrine blei venner med crewet til Toto.
...noko som førte til at vi stod PÅ scena, like bak pianotechmannen under konserten til Toto.
- Nedrigging var stas. Ei møkksvær scene med MASSE stæsj var rigga ned og pakka i bil på 1 time. Snakk om å ha logistikken i orden!!! Mange, mange, mange tomlar opp!
- Når rigginga var ferdig tok eg 2 pils og gikk heim, sidan eg eplekjekt hadde lova å vere på jobb tidlig dagen derpå.
- Veronica og Tormod kom heim i 5-tida. Forventar at de sjølv bloggar om eventuelle utegløymte fantastiskhetar fra denne tida. :p

Dag 3. Torsag 09.08.
- Det VAR kanskje litt eplekjekt og sei at ”jaja, det går fint å vere på jobb kl. 08.”. Det GIKK, men digg var det ikkje. Fint at Tormod sov ”litt til”.
- Lite å gjere på jobb, så heime klokka ti er hyggelig det!
- Egg og bacon til frokost. Mmmmmm...!
- Veronica vekka ein Tormod som omsider sov ut litt.
- Tur til Øvre, sliten Katrine på fotballtrening mens Tormod og Veronica var i bassenget.
- Utepils, amerikansk turist i Utladalen, klaustrofobisk tur til Seimsåsen. Lade opp til fredag og lørdag.

Dag 4. Fredag 09.08.
- Rett og slett fri fra vanlig jobb
- Veronica med astmaanfall, vekke Tormod, reise til Øvre for å skaffe medisin.
- Nesten rett på jobbings i parken. Riggejobb for alvor i gang!
- Reinlender til Hellbillies og heavy allsang til "Den finast eg veit".
- Eh.... Hellbillies.
- Den kule, men dog jækla slitsomme skjermen til Åge var tøff!
- Debut på Årdal FK med 2x45 min fotballkamp midt oppi alt stresset med Målrock. Resultatet trudde eg var 0-6, men avisa seier visst 0-7. Jaja.
- Dusj og rett ned igjen i parken til middag, Hellbillies og vidare rigging.
- NOKON rigga altfor treigt.
- Ingen pause mellom Hellbilliesrigging og Valentourettesrigging. Det er teit å knuse cognacglass på scena. Blir søl av sånt.
- Emo-catwalken til Åge.
- 1700 folk i parken. Nesten fullt!
- Ting drog ut i tid. Vi var heime i 5-tida, slitne som få. Likevel, baren blei berre tøffare og tøffare til seinare det blei.
- Slitne skuldrer fekk passande behandling mellom slaga.
- Man køddar ikkje med barkvinna. ”Ska kasta han ut, eg!”

Dag 5. Lørdag 10.08.
- På tide å stå opp i eitt-tida tenker eg. Tormod var allerede reist.
- Riggings til D.D.E.
- Slække fjes i backstageområdet, cola, sko og aviser.
- Mykje roligare tone enn alle dei andre dagane.
- Kvar blei det egentlig av det siste bandet der...? Dei som skal spele om... ein time?!
- Samarbeidsvillige band er aldeles topp!
- Lomsk var kjempekoselig, men fekk dessverre ikkje spele så lenge som dei ville.
- Innrøm det – 2000 ville publikummarar til D.D.E. i Årdal var virkelig fantastisk! Det vart fæst!
- Tomt for øl! ☺
- Bra driv i nedriggen for D.D.E. og!
- ”Jaja, er der straks!” *styrte whiskey og springe for å jobbe*
- Pils og nedrigg av scene. Lovlig slitne. Fantastiar om riggerbryllup.
- Trosseboltar gikk ut på trass. Tormod sovna nesten ståande, og blei taua heim av meg i 5-tida.
- Veronica kom heim og kollapsa på senga rundt kl. 6.45 med ein kagge vin ved sida si.

Dag 6. Søndag 11.08.
- Sovesovesovesovesove!
- Sløve tryner på verandaen, mat og berre avslapping.
- Dei to fantastiske skulle egentlig reise søndag. Blei ”plutselig” utsatt til mandag.
- Rødvin, kvitvin og magiske drinkar gjorde søndagskvelden svært hyggelig.
- Tormod og Katrine beslagla vinglasset til Veronica til slutt.
- Tormod fekk omsider høyre lyden av eit lite ras i fjellsida før det var veldig sengetid.

Og denne bloggen har foreløpig vore uten kvåotz, så dei samlar eg på slutten for at det skal bli kjekt:


-God morgon!
- Det E ingen god morgon!
- Veronica

"Sofaen skal vere innalkoholert!" - Veronica

"DU e homo. Du e IHVERTFALL homo! Deg kjenner jeg ikke, du...nei!, du er homo!" - Ein eller annan på nachspiel. Folka som var utpeikt var: mann fra Lumsk, mann fra Lumsk, Tormod, meg og eitt menneske til.

"Å, det hadde vore digg å sove no. Til og med på flightkasseseng med monitorpute! DA er du rigger da!" - undertegna

"Faen til drittsol!" - Tormod

"Jeg bare røyker den fort, så du ser ikke merket!" - Tormod

"Jada, det er ALLTID skoa!" - Riggermann etter at Tormod klaga på skoa når han holdt på å gå på trynet ned rampa.

"Mamma, lyset er oppbrukt!" - Matilde

"Du, eg lige isjen han derre typen din altså!" - Anonymisert.

"Så det mangla en solnedgang, så sola bare gikk RETT NED!!!" - Tormod fortalte Kennet og Kristin om den dritromantiske "forlovelsen" mellom han og Veronica.

Så da, avslutningsvis, eg blir berre meir og meir glad i desse to rare folka. Det blei derfor ganske vondt når de måtte reise, men samtidig må man jo reise og. Håpar da i alle tilfeller de har lyst til å komme tilbake, for det er de hjertelig velkomne til!

Dåkk toan, itj gå fra mæ, æ kainn itj lev utn dåkk æ, sjø!

1 kommentar:

Anonym sa...

For ei helg. Hahahahahahaha
Heilt fantastisk. Du e best:)