
mandag 2. juli 2007
Frekt? Oh yes.
Hihi. Eg slo pappa i golf på søndag. For å poengtere det her, så må eg nesten legge ut den vakre runden min her... Til opplysning, så er ein god runde golf 36 poeng. I går fekk eg da 38 poeng, og det er 2 poeng meir enn det ein har sjans til å forvente av meg. Eg er stolt! (igjen - klikk for større bilde)

Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
3 kommentarer:
Ikke at jeg skjønner en dritt av golf, men... *klappe for flinke katrine* Hihihi...
Hehehe. Ok, men da kjem det ein liten avhandling som kanskje får deg til å forstå:
I golf har man eit system for handicap. Det går fra 36,0 som er dårligast og til 0 som er proft. Eg har da ikkje komt lenger enn til "golflappen", som kallast grønt kort. Når du da spelar golf, går du ut i fra handicap 36. Poenget med handicapsystemet er å jamne ut forskjellar, sånn at pappa, som har handicap 17,2 ellernoko, kan stille på lik linje med meg når vi spelar.
Det er for eksempel eit "par" på ei bane og på alle hol (forskjellig fra bane til bane og hol til hol basert på lengde i hovedsak). Det er det som ein forventar at ein person med hcp 0 skal kunne spele på. Eg, med mitt handicap 36, får da tildelt ekstra slag på kvart hol slik at eg skal kunne få like mange poeng som ein med hcp 0 om eg spelar så bra som ein kan forvente fra mitt nivå.
Så kjem eg da omsider til poenget, om det fins ein stakkar som har lest heilt hit: Å spele på sitt eige par (dvs par på holet + dei ekstraslaga man evt. får), gir 2 poeng. Ein full runde på det par som er forventa av deg, gir da 36 poeng. Spelar du bedre enn forventa, får du meir poeng, og det kan du sjå i den oversikta på dei hola eg f.eks har fått 4 poeng. Da har eg spelt 2 slag bedre enn det som faktisk er forventa av meg, og tru meg, det er vanskelig!
Hurtigleksjon i golfsystemet. Vanskelig å forstå med det første, greiare om du spelar litt. :p
Det skal og nevnast at eg ikkje kjenner til å ha vore over 30 poeng før denne runda. :)
Herrefred... Detta blir for mye for meg... HJELP! Hihihi...
Legg inn en kommentar