mandag 18. juni 2007

Ut på tur...

No er eg da tilbake i Årdal. Dei siste bloggane mine har, som enkelte har påpeikt, vore litt merkelige kanskje, men det er slik det måtte bli. Meget mulig det blir fleire sånne, altså.

I alle fall - no er eg offisielt flytta heim. Det føles, akkurat no, heilt forjævlig. Håpar at det kjem seg litt etterkvart. Har reist fra Hamar på morgonkvisten i dag, og det er lenge sidan eg har sove såpass på ein busstur (av dei 6 timane eg var på reis så sov eg nok 2 av dei og ein del av den tida gikk jo til dødtid utenom og...). Uansett, over Tyin-Årdal i dag var det omtrent heilt umulig å legge seg til å sove uten vidare, for over fjellet såg det sånn ut:

Det skal litt til før du klarar å overbevise meg om at dette ikkje er tøft.Og for alle som fortsatt måtte tru at Årdal er bondeland, så er dette eit bevis på det motsatte og kva som skjer om du vatnar skogen din med fluornedbør...fra aluminiumsproduksjon. Heldigvis strør vi ikkje rundt oss med fullt så mykje fluor lenger.

Til slutt i dag - kjære Tormod og Veronica: Eg er meir enn LITT glad i dykk. Håpar at de veit det og ikkje gløymer det! Det er ein spesiell plass i livet mitt som ingen tidligare har fått plass på de no har fått. :) Dagny og - du er herlig og søt, sjølv med alle skoa og pappa i Bærum, men hold deg heime ei stund og bli frisk!

Ingen kommentarer: