lørdag 2. juni 2007

Hydranten!!!

Eg har tre heimar på Hamar. Den første er hybelen min, der har eg ein tendens til å sove ein del og ellers vere om eg ikkje har føre meg noko anna. Den andre er høgskulen, der er eg ein sjelden gang for å komme bittelitt for seint til ein forelesning (konsekvent!) og eventuelt for å hysterisk kriseøve like før konsertar. Sist og ikkje minst så har vi hjertebarnet mitt i år - Hydranten. Eg har stort sett flytta inn så ofte eg kan, og sidan ein gang i midten av mars har eg vel vore til stades på ALT som har skjedd der. Eg jobba alle tre dagane da det var BigBang og AnJazz, eg jobbar på alle finalane i 3K Live, og i går (torsdag) var den store, store og veldig tøffe dagen.

Har styrt på ganske lenge no med å få i orden ein huskonsert for mine kjære clæsmeitz i musikklassen, og sidan Hydranten er uten skjenkeløyve (byråkratitøys, ikkje skjenkefeil!), så søkte eg skjenkeløyve for oss, og vi solgte dermed øl i går. Det var veldig, veldig stas, og det heile gikk prikkfritt, eg stod på storescena på Hydranten og spelte både trommer og gitar. Det er greit nok i seg sjølv, men i tillegg til dette, så var eg vokalist i tillegg. Hadde aldri trudd at slikt skulle skje med meg, eg har jo alltid styrt unna. Det er veldig herlig å føle ei utvikling ein retning, for ikkje å sjå at andre i klassa og har utvikla seg ganske mykje (Erik, for eksempel). Det var i alle fall fantastisk i går, standard Hydrantenrutine, eg var der fra ca 15.00-02.30 ellernoko, og koste meg glugg i hjel. Hydranten er litt min no.

Uansett, bloggen min blir snart ein sitatblogg den og. Det å tilbringe dagar med folk som Tormod og Stian på slep, det er nødt til å gå som det går. Tormod har jo uttalt at det bør opprettast ein eigen "Tormodsitater"-blogg, men sidan eg flyttar om 2 veker er det ikkje veldig aktuelt, da må jo Tormod ringe meg opp minst ein gang i veka og sei ting som er hysterisk morsomt og som ikkje henger på greip. Så det får holde her inntil vidare!

"Alt+F4, Alt+F4, jeg vil lukke verden!!!"
-Tormod-

"Du, har du en dårlig dag i dag, brus? - JA, jeg vil bruse MASSE!!!"
- Tormod om sint brus-


"De er ikke sånne morsomme krøller, de spretter ikke ordentlig!"
-Dagny om krøllane til Magnus-

"Me tek ikkje sleke derre nymotens betalingskort!"
-Meg og Veronica som hadde det gøy med å oppfylle målkvota på våre lappar der det stort sett stod "Vi tar ikke kort!"


"Han er blitt ein slek derre nymotens snike-seg-bak-baren-for-å-hente-vann-snik!"
- Tormod, sterkt hintande til at Magnus (sjef) burde bli kasta ut-

Ingen kommentarer: