Eg er dønn med hovedinstrumenteksamen! Karakter har eg fått og, eg fekk faktisk C! Det er jo kjempebra, med to forstua fingrar på høgre hånd (det er vondt enda, sjølv uten å bevege fingrane særlig!). Så, sidan eg lovde meg sjølv at eg skulle feire om eg fekk C eller bedre, så har eg eit fyllekalas i vente. Foreløpig lovar jo det her kjempebra - eg har kun B-ar og 3 C-ar i år, og eg trudde eg kom til å ha store problem med å stå i alle fag. Ikkje ille!
Ellers var det finale i 3K-Live på torsdag, min siste jobbdag på Hydranten. Eg køyrte lys, det var kjempehyggelig, mange kjente og GOD stemning. Troll-Myr vann, ganske imot min personlige meining, men eg var veldig for 2. og 3.plass som var Ariam (TOOL-aktig) og Krast (Gåte-aktig). I finalen var og Uganda Sound Revolution (facebookgruppe)med, der eg går i klasse med to av bandmedlemmene og kjenner resten. Alle desse banda har virkelig gode sjansar til å komme langt om dei står på litt! Den siste linken her er til ein YouTubevideo, der det er eg som køyrer lys i tillegg. :)
I går hadde vi da forsinka bursdagsvors i anledning at min kjære nabo Dagny fyllte 20 for ei vekes tid sidan. Det var særs hyggelig, sjølv om eg ikkje blei med ut på byen noko særlig, eg var trøtt og i dårlig humør (uten å ha den ringaste anelse om kvifor). Tar det nok igjen seinare tenker eg. No sitter eg på verandaen i ein syk, syk varme, sannsynligvis godt i overkant av 30 grader og skriver blogg når eg egentlig skal innspurte på essayet mitt om nasjonalromantikken. Det skal inn på mandag, og når det er levert er det FERIE!!! Litt misunnelig er eg jo forsåvidt akkurat no, leikeplassen nedanfor her har blitt omgjort til beach party i dag, med dunk-dunk-musikk, sandkasse som har blitt til badebasseng og øl der folk kosar seg. Eg sitt her og vurderar å gå og finne meg ei øl eg og, eg har jo tross alt øl i kjøleskapet!
Anyway - ingen blogg uten qvåtz:
"Kjøttkaker ser jo ikke så ille ut, men kanskje ikke så koselige på kroppen, da... De ser jo bedre ut med grønnsaker til, så kanskje du bare kan ta en brokkoli på hodet?!"
-Jenny når vi snakkar om at Veronica ikkje tåler sol-
"Jeg har litt lyst til å være med i verden av og til jeg også!"
-Tormod-
...Og fleire skal det bli. Helga er såvidt begynt.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
1 kommentar:
Konge! Det er kjekt å være med i verden av og til;) Essay, ass... Det suger igrunn ganske grundig... Hehe... Sliter så syyyykt! Men sol på verandaen og iskald pils er da ikke feil;)
Legg inn en kommentar