søndag 20. mai 2007

Godt brukte uttrykk... fra ei miniputturnering!

Eg har vore i Aurland i dag, på årets første miniputturnering i fotball. Anledninga var å følge Kristin, 8 år, på kamp. Der skjer det mykje på ein gang, det pågår 6 kampar av gangen, og det er ikkje greit for dei små å både konsentrere seg og klare alt det her.

Høyrt fra trenarbenken:

- Spring, Jenny, SPRING!!!
- Ut og ta ballen!
- Så tar du ballen, går heilt fram til streken, og kastar så laaangt du klarar!!!
- Kjempebra!!!
- Gå mot målet!
- Feil veg, feil veeeg!!!
(meir og meir hysterisk)
- Sparke framover!
- Det er kast!
- Corner! Eeeh.. Hjørnespark... Kom her.... Sånn! Spark dit! *peike ivrig*
- Starte på midten!
- Dekke opp! Pass på dei grønne/blå sånn at dei ikkje får ballen!
- JAAAAAAAAAAAAAAAAH!!!


Og da stiller bloggtidene opp med nokre bilder fra anledningen:


ÅTIL knøtt 99/00 - jenter.
Trenarteam

Vind i flagga
Kaste, kaste!
Nesten mål!
Forsvar er minst like viktig som angrep... Sjølv når du ikkje er heilt sikker på kva forskjellen er.Oj... Det blei mål?

Avansert form for fotball, kalla hjørnespark.

"Spring heilt ut til streken og kast så langt du kan!"

Og til slutt fekk alle premie, og da var det greit.

Og sidan Lærdalstunnelen er så lang at det må vere lov å ha det gøy med fotoapparat på vegen. Bildet er tatt i ein av dei fascinerande lyshallane i verdas lengste vegtunnel.


Over og ut for denne gang - i morgon kjem eg tilbake til Hamar!

Ingen kommentarer: