I morgon er det showtid. Musikklassa ved Høgskulen i Hedmark (altså klassa mi) spelar konsert på Dirty Nelly her på Hamar, torsdag 19.april kl. 21.00. Inngang er 30 små kroner, og det har alle råd til! Det blir presentert mykje forskjellig musikk, og eit eller anna for alle skulle eg tru.
Sjølv spelar eg på 3 låtar i morgon, og for alle ivrige lesarar av bloggen min (yeah, right), så er det følgande:
- Trommer på Ylvis - Kjempeform (jenteband, faktisk)
- Trommer på Link Wray - Rumble (harry, harry!)
- Gitar på Minor Majority - By This Time Tomorrow (fine sangen!)
Og eg gledar meg. Gruar meg litt, men trur det blir veldig stas. Dessuten kjem ikkje prestasjonsangsten før i morgon ein gang...
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar