lørdag 3. mars 2007

Slik kan gjerne ein fredag vere!

Eg er igjen i Oslo, og har vore her sidan onsdag ettermiddag... Først for å leike litt med Ingrid, som alltid er kjekt. Så for å gå i operaen med alle dei flotte menneska fra Hamar, det var kjempekjekt!!! Lenge leve rosa tøydokker gjer obskure ting på scena som ikkje har noko som helst med handlinga å gjere, "Himmelske himmel, for et helvetes vær!" og andre merkelige fraser som plutselig dukka opp på norsk i ein italiensk opera, orddelingsfeil på overtekstane, overlegne operaansatte som ser ned på denne begredelige ungdommen no til dags, gule skjorter og rett-fram-hanekam med meir. Det var ein flott kveld, og ingenting er koseligare enn å avslutte ein flott kveld med øl på Bare Jazz og ein finale som bestod av å telle horer fra Egertorget til Karl Johan ein torsdag kveld kl. 23.20 (til opplysning 12 stk). Piktsjørs er å finne i bildearkivet, under "Nye bilder" og tilfallande kategori ellers. Giddar ikkje legge dei inn her, i grunn.

Etter denne vellykka torsdag i Oslo sentrum, var det duka for at Vejonica overnatta på "hotell Hareveien", før samme person fredag formiddag fekk lov til følgande, for første gang i sitt liv:
  1. Køyre trikk til overgangsbilletten gikk ut
  2. Gå på Grünerløkka
  3. Sjå kvar skribenten av denne blogg ein gang budde i denne o' så skumle storby.
  4. Vere innom Bogstadveien og Zara
Fredag da. Jubeldag!!! Etter at denne skribent hadde avlevert denne Vejonica på toget, var eg heime ein kjapp tur før det bar rake vegen inn igjen til hovedstaden. Der var det duka for utlån av Ingrid til besteforeldra, før vi andre drog på rek i området rundt Rådhusplassen for å finne oss ein plass å ete bursdagsmiddag! Etter å ha sjekka eit par smekkfulle plassar, endte vi opp på ein biffrestaurant kalla "Steakers", der vi blei servert ein meget smakfull biffmiddag... oooog.... alkohol. Både øl og vin til maten, samt ein long island iced tea til slutt gjorde jo greiene veldig smakfullt for min del (at dei eldre slo seg laus med sambocca får vere deira problem). Det har etterkvart blitt ein tradisjon at pappa sponsar ein bedre middag rundt bursdagen min, og den tradisjonen trur eg at eg kan slå meg til ro med.

Etter dette gourmetoppholdet, var det duka for meir bursdagsfeiring - eg møtte Nettum og Solem og vi gikk til John Dee, sidan Nettum sponsa inngangsbilletten som bursdagspresang. Evig takk for det! :) Der var det duka for gjensyns- og hyggekveld, for der møtte eg Henning, Truls, Same-Hanne (det er så mange ved navn Hanne der ute at dei må skiljast på eit vis), Kjersti, Shirin, Ragnhild og Vetle forutan Nettum og Solem som eg da allerede hadde møtt. Ingen av desse menneska har eg sett i 2007, og Same-Hanne har eg ikkje sett sidan høsten 2005. Det var virkelig eit hyggelig gjensyn, og vi hygga oss heile kvelden til lyden av Zahl og smaken av Ringnes. Piktsjørs finn du fortsatt i bildearkivet.

I tillegg konkluderte eg jo med å ha jobba aaaltfor mykje på Hydranten, da eg til sjuande og sist stod ute på John Dee med venner og var røyke-følge mens andre gjester kjem ut for å røyke held eg opp døra, seier "hadet bra!" og smiler. For så å unnskylde meg heftig med at eg har jobba for mykje på uteplass.

Heilt til slutt vil eg på ein veldig kjapp måte "anmelde" plata til Zahl (som for uinvidde er gitarist i Kaizers Orchestra, og dermed eit pliktkjøp i mi platesamling). Etter å både ha fått eit forhold til mannen live og på plate i solomodus, er eg greit skuffa over plata. Det er til tider eit fantastisk låtmateriale ute og går, koselige (dog kanskje litt uoriginale) låtar med jamnt over gode tekstar er veldig bra, men det når aldri opp når mannen gjer det vanskelig for seg sjølv på det vokalmessige. Det er i utgangspunktet kult, men det blir litt fælt når ein del av låtane inneheld vokal som er sur... Heldigvis er det bedre live.

På tross av dette vil eg presentere eit lite sitat, som egentleg traff meg rett i hjarterota, som det så pent heiter på nynorsk. Sitatet er da på engelsk...:

"It's all just a mental phase
the atoms in your head just looking for their place."

Ingen kommentarer: