lørdag 10. mars 2007

Øppdejt

Ting skjer i verden. Eg har, utrulig nok, blitt enda eldre sidan sist - den 21.bursdagen er overstått, og det er ikkje meir enn 3 år sidan det ikkje var så greit å sjå så langt fram i livet. I alle tilfeller var denne bursdagen ein hyggelig dag, heilt til den var over (Noko Dapne veit alt om, og forsåvidt sikkert har dårlig samvittighet for enda). Så derfor skal eg holde meg til å foredra om sjølve dagen.

Alt begynte bra - sove lenge, ete frokost/middag av klasse sjølv om det var på hybelnivå, personalmøte på Hydranten der eg fekk æra av å bli månadens ansatt og få bursdagssang (det varma veldig, takk!) før Daphne og Vejonica kom med bursdagspresang - innholdet var jamnt over fryktelig internhumor. Vi åt gulrotkake kjøpt på tilbud på Maxi, før eg, Adrian og Daphne hadde eit kjapt lyskurs på Hydranten. Så bar det på vorspiel hjå Vejonica, før vi skulle ut på Hydranten... Der var det stengt, sidan det ikkje kom nokon besøkande før 22.30 og vi kom litt for seint... Så derfor enda vi opp på Siste Indre i staden for. Eg inntok gratis bursdagsøl, før Vegard spanderte ein Long Island Iced Tea og eg gikk heim.. Resten av natta skal eg kanskje ikkje legge ut for mykje om, bortsett fra at den inneholdt veldig lite av det den burde hatt - søvn.

No er eg da tilbake i Årdal, har feira bursdag her og, trent litt og jobba. Føler meg jamnt over flink, egentlig. Mamma har laga heimelaga pizza i kveld, og alt er egentlig gode greier.

Ellers må eg berre anbefale den rasande gode Pondusbloggen, som har ein fantastisk post i dag.

L8r.

2 kommentarer:

Daphne Sofie sa...

Vooooops... Dårlig samvittighet? Jeg skjønner ikke... *stirre flau i gulvet* Bra resten av dagen var fin, da;)

Veronica sa...

hihihi, for ein dag!!! Men va kjekt då:)
Vi like når folk har bursdag. Neste e ulykkesfuglen vår, og eg glede meg allerede.
Savne dåkke:(