onsdag 21. mars 2007

Bloggen min presenterar: 20 plater du bør ha i platesamlinga di!

Ja! Dette har du sikkert venta kjempelenge på. Alle er jo glade i lister, det er eg og, så no skal eg liste opp 20 plater eg meinar akkurat DU bør ha i platesamlinga di. Rangering av kva plater som er viktigast kjem eg ikkje til å klare å få til, så det enklaste vil jo naturligvis vere å kjøpe alle saman....!

Seigmen - Total:

Mitt favorittband nr. 1, og ei av dei beste rockeplatene eg veit om. Her gjorde denne gjengen fra Tønsberg virkelig blinkskudd med ei heilstøypt plate, som i tillegg er produsert av Sylvia Massy. I mine auge inneheld denne plata alt du treng, og kvar musikkinteresserte nordmann burde kjøpe denne framfor den meirselgande Metropolis-plata.
Seigmen

Kaizers Orchestra - Ompa til du dør:

Ei plate som snudde mykje opp ned for meg, og på tross av litt lunken produksjon (kanskje litt fordi den er innspelt på ei veke), er det ein bautastein i norsk rock a 2001. Særprega til tusen.

Kaizers på nett
Offisiell fanside





Pink Floyd - Dark Side Of The Moon:

Den definitivt eldste plata i mi anbefaling, men definitivt pensum for einkvar musikkinteressert. Like bra i dag som ved utgivelsen i 1973, og Pink Floyd køddar man ikkje med. Enkelt og greit.

Pink Floyd på nett





Kaizers Orchestra - Maestro:

Plate nr. 3 av Kaizers er så gjennomført god at den og må vere med. Der Ompa var ein milepæl i norsk rock, er denne plata ein god bekreftelse på at Kaizers ikkje har tenkt å la folk sleppe unna heilt enda. Låtmaterialet er bortimot like bra som på førsteplata, men her er det omsider ein blink på produksjonen. For første gang låter Kaizers BRA på plate!



Ljungblut - The Other Side Of All Things:
Dårlig dag? Berre litt kjip? Vondt i hovudet? Denne er virkelig noko. Vanvittig fin, nedstemt plate, mange kallar den depressiv, og, ja, det kan eg vel neppe nekte for at den er, men det spelar egentlig ingen rolle, for den er eg svært glad for å ha på ein dårlig dag. Man treng jo musikk til slike dagar og.

Bildet er av den russiske, røde utgava. Den er litt vanskelig å få tak i, denne plata, da originalopplaget (1000 eksemplar 2cd) i blått er totalt utsolgt. eBay kan hjelpe deg med å få tak i den russiske versjonen i rødt.

Pink Floyd - Pulse:

Eit god livedokument sjølv om Roger Waters var ute av PF på denne tida og dermed ikkje trakterar bassen på denne plata. Likevel - kvaliteten er skyhøg, lyden er god og låtane blir spelt veldig, veldig bra. Av liveplater, så er dette ei såkalla must-have.






Øystein Sunde - Sundes Verden:
Denne mannen er jo blant Norges morsommaste og ein vanvittig gitarist. Minimum ei plate fra nebbet hans bør alle ha, og her er ei god samling av det beste.

Heimeside



Geoff Berner - Whiskey Rabbi:

Lett sprø jøde fra Canada med eit heilt eige syn på svært mange ting utstyrt med trekkspel. Hylande morsom i livesamanheng. Med eit stort ønske om å la klemzer-musikken leve vidare gir denne fantastiske mannen ut ei godplate som balanserar tradisjon og religion og det meste i ein gjennomført tøff miks.

Sitat: "Don't trust people who don't drink!"
Geoff Berner på internett


Bermuda Triangle - 33 rpm:

Herlig electronikapop. Med gjestevokalistar som Alex Møklebust (Seigmen/Zeromancer) og Agnete Kjølsrud (Animal Alpha) blir denne plata løfta mange hakk, og det er svært koselig musikk som blir servert. Har brukt den her i treningssamanheng eit knippe ganger, og det har fungert ypperlig.

Bermuda Triangle på nett/myspace!




Animal Alpha - Pheromones:

Det blir aldri for mykje god, norsk rock! Med både stil, hår og musikk har Animal Alpha gitt Norge fleire gode opplevelsar, og dette er ei herlig plate. Ryktet vil og ha det til at dei er eit must live, men så langt har eg dessverre ikkje komt enda.

Animal Alpha på nett



Seigmen - Radiowaves:
I mine auge den nest beste Seigmenplata. Mange meinar at det å gå fra norsk til engelsk i uttrykket var eit stort feilsteg, eg er ikkje enig. Ser ein vekk fra at Akersgata syns dette var ukult og at det kommersielt aldri var særlig lurt, så er jo dette fortsatt ei musikalsk kanonplate. Litt meir ustabil enn Total, men til gjengjeld eit godt knippe vanvittig gode låtar.


Gåte - Liva:
Eg klarar ikkje ta stilling til kva av Gåteplatene som er best, så derfor ender eg opp med å anbefale liveplata fra siste konserten på Rockefeller. Den har jamnt over god lyd og er ganske representativ for mykje av det Gåte har gjort. Herlig er det og at det kan fungere å kombinere det meste, sånn som f.eks folkemusikk og rock som er tilfellet her. Da kan eg leve med den noko skrantne dialektuttalen på dei fleste vestlandsdialekter - det er jo tross alt trønderar vi snakkar om her.
Gåte på nett

System Of A Down - Mezmerize:
Metal på den måten eg likar det. Første del av ei platerekke på to (etterfølgaren Hypnotize er ikkje fullt så bra), og gjennomført god musikk.

SOAD på nett





Cloroform - Hey You, Let's Kiss!
Kva skjer om ein blandar jazz og rock saman med 3 av Norges definitive musikkelite? Da får du Cloroform. Merkelig musikk som egentlig ikkje kan kategoriserast særlig, men med John Erik Kaada i spissen med vokal og syntharbeid får jo dei som kjenner til den mannen sannsynligvis eit lite bilde av kva som foregår her. Pluss på Øyvind Storesund (bassist i Kaizers) på kontrabass og Børge Fjordheim (Morten Abel, Paperboys, you name it - Børge er overalt.) på trommer, og du har ein vinnar. Forøvrig eit killerband live (pur speleglede), og plata som kom etterpå, Cracked Wide Open, låg ein periode ute gratis på nettet som ein motreaksjon mot all piratkopieringspropaganda. Cloroform på nett!

Delaware - Lost In The Beauty Of Innocence:
Ei svært så hyggelig plate fra eit knippe Drammensguttar. Aldri har Drammen vore god for bedre.

Delaware på nett



TOOL - Ænima:

Nok ei fantastisk metalplate. For dei fleste burde dette og vere pensum, og eit band som har vore ei stor inspirasjonskilde for Seigmen under perioden da Total kom til live.

Har vanskelighetar med å velge kva som er best av Ænima og 10 000 Days av TOOL, men har endt opp med denne. Kjøp gjerne begge!
TOOL - offisielle heimesider



Monomen - EP:
Monomen er fortsatt ungt, nytt og spennande, for ikkje å snakke om bra! Eit knippe småguttar fra Sørumsand som klarar det å lage mesterlig musikk. Denne lille EP-en burde egentlig ikkje vore her, da det ikkje er ei fullverdig plate, men dei har ikkje gitt ut den plata som egentlig skulle stått her enda. Eg stoler på at når den plata kjem, så er den god nok til at EP-en kan stå her no.


Monomen på MySpace

Ingen kommentarer: