lørdag 24. februar 2007

Rapport fra Tigerstadsområdet

Eg er på Kolbotn (i/på?!) i helga. Fann ut at eg trengte eit skikkelig avbrudd fra alt som foregikk på Hamar, og ein mulighet til å roe meg ned skikkelig. Meininga var egentlig å reise på torsdag formiddag, men det blei ingenting av fordi det var konsert med Asia Asia på Hydranten i går, og ingen som kunne rigge opp til konserten. Det førte til at eg måtte gjere det, så eg var der og rigga fra 17.00-21.20. Siste tog til Oslo gikk 21.29, og eg fann ut at kappgang/lett jogg fra Hydranten til Hamar Stasjon med trillekoffert og veske tar ca 5 minutt. Det å finne ut at toget er ca 15 minutt forsinka tar eit halvminutt ekstra.

I ein slik situasjon er det veldig morsomt å traske rundt på togstasjonen og dra kofferten etter seg og lage spor i snøen sånn at det ser ut som om det har gått ein rimelig full togpassasjer der, sjølv om det egentlig berre er ein fyllekoffert. Så da gikk eg der for meg sjølv, heilt aleine på stasjonen, og lo av mine eigne tåpelige spor i snøen. Kanskje eit tegn om at det å slappe av er smart. Toget kom omsider, ca 20 minuttar forsinka, men det er jo alltid koselig å møte Seigmen-fans på toget da. Omsider i Oslo fann eg ut at det egentlig aldri var håp om å rekke 83-bussen til Tårnåsen 23.03, 81B-bussen til Greverud o/Kolbotn kl. 23.04 ELLER toget til Ski kl. 23.06. Sistnemnte mista eg med ca 1,5 minutt i gangtid til sporet.

I dag har eg da stort sett gjort lite og ingenting, utenom det å utnytte tilgangen på gratis vaskemaskin og ha det koselig med lillesøster Ingrid på snart 1,5 år. I tillegg har besteforeldra til Ingrid vore innom, og eg, bestefar Ove (som for ordens skyld ikkje er min bestefar) og Ingrid har gått (Ingrid i akebrett) til det nusselige nurket av eit søskensbarn som Ingrid har fått, ein gutt på ei knapp veke. Trudde ikkje det var mulig å bli så liten, eller så er det berre det at det går fort i gløymeboka kor små nyfødte babyar egentlig er.

Det har og dukka opp eit flott, flott, flott uttrykk i dag: Biolashot. Det er eit godt alternativ for ein unge på 1,5 år i forhold til shottar for vaksne som gjerne inneheld stoffar med aldersgrense på. Ingrid tømmer i alle fall ein Biolaboks (eg fann ikkje bilde av ein boks med Biola, så det måtte bli Danonino heller, men størrelsen er den samme) på denne størrelsen her:


....På 2 minuttar med sugerøyr.

God helg, ænd teik kær!

1 kommentar:

Daphne Sofie sa...

Haha, fyllekoffert!!! Togbåååånda, kom tooooget! Eg lala NSB! Jaudå. Sitter på skolen og venter på Tora(der) for å øve på å være dum og blond i revyen. Trenger jeg egentlig øve på det? Biolashots 4 evah, vi måååå få møte dine søte små. Hele fæmily´n din enkli. Hihi...