onsdag 7. februar 2007

Dagligliv - bildesafari

Såså. Katrine er på Voss akkurat no, og skal sette sine bein mot eit fly til Trondheim i morgon. By:Larm og kjekke sosialting med trønderen min. Voss er utrulig kjekt likevel da, det blir kjipt å gå glipp av ting som skjer her i morgon kveld, ryktet forteller at det kan bli morsomt, så da håpar eg at NOKON tar ansvar og held meg oppdatert.

Uansett, her er ei lita reise i bilder fra dei siste to vekene ca. Pass opp for at kommentarar kan bli både teite og lange.


Dagny og Katrine har fått dobok!!! Det tok ikkje lange tida før denne var pryda med vakre kommentarar av ymse slag.

Vår eigen Lano gakk-gakk. Eit must til alle typar håndvask.


Ei inngangsdør er ikkje berre ei inngangsdør. I enkelte tilfeller skal denne fortelje litt om kva ein kan vere uheldig å treffe på den andre sida. Slik som her.


Onsdag 31.01.07 var vi på arrangement på høgskulen om den kulturelle skulesekken. Her frå ei forestilling med leire og musikk berekna på born i 1-2.klasse sånn ca. Inni klumpen med leire var det ein liten gutt, men for å få fram den lille gutten måtte vi synge ein byggesang. Der gikk det i ein slags rap alle måtte vere med å synge som gikk slik (1.vers):

Nå skal vi bygge og forme og kna
Og samme hva det blir så blir det kjempebra
Vi lurer fælt på hva det skal bli
Og samme hva det blir, så skynd deg nå å si:
LITEN GUTT!


Men den lille gutten i leireklumpen ville ikkje vere ein liten gutt... Og etterkvart ynskte han å bli eit monster. Då var det tilbake til sangen, og da blei det slik:

Nå skal vi bygge og forme og kna
Og samme hva det blir så blir det kjempebra
Vi lurer fælt på hva det skal bli
Og samme hva det blir, så skynd deg nå å si:
MONSTER!


Alt i alt var dette ein ganske hyggelig dag der vi fekk sjå både kulturting berekna på små barn (6-7 år) og ungdomsskuleelevar (standupshow). Med unntak av alle dei kjipe forelesningsgreiene i mellom, var det ein veldig ålreit dag.


Fullmåne (i alle fall nesten) på Hamar ein tidlig jobbekveld. Tatt utanfor Hydranten.


For å gjere det heilt klart, blei folk som kom innom Hydranten fredag 02.02.07 gjort veldig oppmerksomme på at det her var 18-årsgrense. OG legitimasjonsplikt. Dette stempelet blei seinare noko modifisert, sånn at det ikkje var eit fullt så....anstendig stempel lenger. Kjeft på Tormod og Adrian om du vil.


Harrys Gym spelte på Hydranten saman med Hiawata fredag kveld. Eg køyrte lys, ein hyggelig opplevelse og ein knallbra konsert!


Harrys Gym... Sjekk gjerne ut om du kan, og spesielt live!


Så tok vi turen til Voss. Studietur for musikklassen, og i går (tirsdag) var vi til eit museum her på Voss. Dit gikk vi, så i går tok eg noko som nesten blei eit postkortbilde av Voss...


På dette museumet dreidde ikkje ALT seg om folkemusikk. Eg og Nicolai bygde dette fantastiske mesterverket i Duplo. Lego 4 evah azz.



Det hang og eit knippe barneteikningar der, og her er ein artig måte å skrive ordet sau på. Merk at nede til høgre står det "Laget av Alex 23."


Utsnitt av ei hardingfele.


Stemningsbilde - istappar i tre. :)

Ellers er det meste blomster. Eg er ein sliten person som ikkje har altfor lyst å reise i morgon, fordi eg har lyst å delta i stevtevlinga. Jaja, det får vel gå likevel tenker eg. Sjallabais, så lenge!

5 kommentarer:

Daphne Sofie sa...

Du er fra landet, bor midt i skauen.
Og går du ut møter du på søuæn!

Hihihiiii! Vi liker bilder, og gakk gakk og dobok:) Nå er jeg hjemme hos vår kjære gakk igjen. Det er rart. Jeg likte Voss;) Hihi. Sjåast snart! CC Cowboys i kveld! Hurrraaaaaa!

Veronica sa...

Kooos:)
Va kjempe trist då du reiste fra oss. Meg og dagny blei nesten litt emosjonelle då mi leste det tåredryppande innlegget i do-boka.
Kjekt på By:Larm eller?
Om du lure, Veronica har ikkje godt av alkohol når d vert blanda med reinlender som snurrar og snurrar:p
Skål for deg babe!!!!

Daphne Sofie sa...

Hmh... Trodde jeg kommenterte her i sted.... Der tok jeg vel feil... Weiiiird. Kos med bilder:) Savner Voss litt, assa... Det var lett morro. Hihi. Håper Trondheim er konge, CC Cowboys på Hyden idag var vaffal fêtt! Hihi. God natt!

Katrine sa...

Hm. Virkar som om eg har lagt det inn sånn at eg må godkjenne alt før det kjem hit. Haha, det må eg gjere noko med. L8r. Akkurat ferdig med alt av by:larm, avslutta med frivilligfest med gratis alkohol. Har sett 13 konsertar på 3 dagar, fantastisk!

Men i morgon er det Hamar igjen. Ser fram til å sjå dykk, kjære mennesker!

Daphne Sofie sa...

Du syke konsertmenneske:p Ja, skjønte plutselig den kommentargreia da det gikk opp for meg at de ikke dukket opp med en gang... Hehe... Gratis alkohol og masse konserter er alltid bra;) Sees snart igjen, kjære nabo! Hihi