fredag 26. januar 2007

Vinternorge/Statens Vegvesen

Det er ikkje greit å vere på reis i vinternorge. Her er eit fint døme: No sidan nyttår har eg reist strekninga Årdal-Hamar 4 ganger. Sidan eg fortsatt er i Årdal, skal eg reise til Hamar igjen på søndag. Det blir da 5.turen sidan 02.01, og 4.gangen i løpet av 1,5 veke. Samtlige gonger har eg reist om E16 over Filefjell for å komme meg heim, sidan Rv. 53 Årdal-Tyin konsekvent har vore stengt. For dei eventuelle uvitande sjeler, så tek det ca. 1 time lenger tid enn å komme seg over Rv. 53. Det er kjedelig når ein allerede har reist med buss i 5 timar eller har 5 timar til framfor seg før ein omsider er framme.

Scenarioet er likevel slik: Rv. 53 Årdal-Tyin har vore
Stengt på grunn av uvær
sidan ein gang rundt 11.januar. I tillegg til at det da var stengt like over nyttår av samme årsak. I går var det ein gledens dag for oss "uværsramma" vestlendingar, da vegen omsider åpna igjen... Eller... Gjorde den egentlig det? Følgande gikk det i går, torsdag 25.januar 2007:

- Kl. 10.10: Porten.no (lokal nettavis) publiserte ein klageartikkel der ordføraren i Årdal fortvilt prøver å komme i kontakt med Statens Vegvesen for å høyre kvifor i alle dagar vegen fortsatt er stengd, sidan den skulle åpne onsdag 24.januar. Han fekk aldri kontakt med nokon som kunne svare på det spørsmålet i Vegvesenet.
- Kl. 10.20: Rv. 53 Årdal-Tyin åpnar for fri ferdsel etter 15 døgn stenging.
- Ca kl. 13.00: Årdal-Tyin stenger på grunn av uvær.
- Ca kl. 16.00: Årdal-Tyin er åpen igjen
- Kl. 22.30: Årdal-Tyin er nattestengd fram til 08.00.


Litt av ein dag om ein skulle vere så uheldig å ha eit behov for å reise med t.d. Valdresekspressen som normalt reiser over denne fjellovergangen. Spesielt gjeld dette dersom ein skal fra vest til aust, for da møter ein følgjande problem:
Når veien Årdal-Tyin er stengt kjøres om Lærdal. Avg. Øvre Årdal 0755,1010,1510.
For ordens skyld skal det nemnast at ordinære avgangstider er 09.10, 13.25 og 16.25 frå Årdalstangen (15 min. seinare frå Øvre Årdal). Det seier seg sjølv at dette er avansert tankegang! Likevel er det ikkje over enno, for slik har fredag 26.januar vore:

- Kl. 07.09: Årdal-Tyin: Stengt på grunn av uvær.
- Ca. kl. 12.00: Årdal-Tyin er åpna igjen. Det blir opplyst om at det som "vanleg" er nattestengt frå 22.30-08.00.
- Kl. 19.06: Årdal-Tyin: Stengt på grunn av uvær.


Som den observante lesar har funne ut, er det altså ikkje greit å reise nokon veg for tida. Det er greit fra øst til vest, for da slepp ein unna med å komme heim ein time seinare. Når ein skal fra vest til øst må ein altså overvåke Vegvesenet med lupe for å ha ein sjans til å komme seg opp og fram i verda.

Eg skal til Hamar på søndag.

Ingen kommentarer: