Men det var først i helga eg kom til å tenke over det. At eg speidar etter det mørke i augene på folk. Det tomme blikket rett fram i lufta som forteller at ting ikkje er på stell sjølv om det er støy og god stemning rundt. Mørket. Og at eg er enig med meg sjølv om at folk er bedre mennesker med ein gang eg har sett det. Det engasjerar meg, for eg veit aldri heilt om eg egentlig vil vite om det som ligg bak. Men eg trur det. Og eg bryr meg. Kanskje litt for mykje i blant, men sjølv om eg ofte er for feig til å spørre, betyr det ikkje at eg ikkje ser det.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar