Hytteturen for min del begynte med lett influensa, noko som har holdt meg i ro ca halve oppholdet på hytta. Det var kanskje heilt greit, det var høg faktor av ludo, kabal, idiot, gris, vriåtter (som min bror no har døypt om til "firkløver" uten å heilt vite kvifor) og yatzy. Mamma hadde fått eit enormt påskeegg fra ein kunde på jobb som var fyllt med herlig sjokolade, så godteri ha det heller aldri vore mangel på. Resten av oppholdet på hytta (altså når vi ikkje har spelt ludo, idiot, gris, firkløver eller yatzy), så har eg lest litt pensum og vore ute i snøen i området +/- 50 meter fra hytta. Eg og min bror har hatt store snøholebyggeprosjekt, der prosjekta blei meir og meir ambisiøse før vi ga oss fordi vi var klissblaute etter å ha gravd snø liggande på alle fire. Det gikk altså ikkje så langt at ei snøhole rasa saman fordi vi hadde tatt oss snø over hovudet. I tillegg har eg akt litt og funne ut at eg nærmar meg å bli for gammal til å ake (det må eg tygge i meg snart - man blir ALDRI for gammal til å ake!).
I tillegg har vi løyst påskenøttene til NRK i stor stil og sett masse merkelige ting på TV som eg aldri hadde sett på ellers (men når vi har NRK, NRK2 og TV2 tilgjengelig, blir det gjerne sånn), men alt i alt har påskeferien vore ganske vellykka. Kanskje med unntak av prekær internettmangel (som har blitt redda av WAP-epost og Dagbladet sine WAP-sider) og dusjmangel (som aldri blei redda før eg dusja i dag). Det er altså jamnt over det som har skjedd.
Så kjem vil til alt eg har lagt merke til og stilt spørsmål med denne påska.
- Kvifor i ALLE dagar skal nordmenn absolutt ut på ski i påska? Det er sikkert ok for dei som skal på nedoverski, men for alle med bortoverski er det komplett idioti. SPESIELT gjeld det dei som plukkar fram ski og klister denne eine gangen i året. Eg gikk ca 4 km på ski lørdag ettermiddag, og det er det seriøst verste eg har vore med på av skiføre i heile år. Heldigvis har eg gått litt på ski ellers i vinter, så eg har gått fra meg ein del av skiinstinktet. Men dei 4 kilometrane eg la tilbake var stort sett flat mark (heldigvis), og eg staka gjennom heile dritten med klister på skia. På tross av klisteret, så var feste i all stigning totalt fraværande, og slik var føret jamnt over gjennom heile påska. Konklusjon: Dei med eit lite snev av fornuft har sesongpensjonert skia lenge før påska begynnar. Vi nordmenn er altså tullingar uten sidestykke som absolutt skal erobre fjelltopp på fjelltopp i påska med ski på beina, utrente og med det verste føret man finn i løpet av den tida det er snø i fjellet. Er det rart Røde Kors har nok å gjere? Nei. Løysing på problemet: Påska bør flyttast til tidligare på vinteren. Det er meir snø i fjellet, bedre skiføre, og, i mange tilfeller, til og med bedre vær.
- For været har altså ikkje vore stort å skryte over, vi på Golsfjellet har ikkje hatt det så ille (kun ein del vind på Skjærtorsdag), og vi har tatt oss i å le litt over dei som har hytte på f.eks Filefjell (fjellovergangen var stengt i 2 dagar, så ille var været, og det fjellet blir ikkje stengt om det ikkje er helsefarlig å bevege seg utendørs) eller Tyin/Sletterust (mange Årdøler held til der i påska, og det fjellet var stengt enda lenger enn Filefjell, dessuten så er det ALLTID vind der).
- Påsketrafikk: Fekk i går ein god grunn til å aldri flytte til Oslo, og ein enda bedre grunn til å aldri følge tradisjonsmønsteret om ein skal på tur.
- Først var det stilleståande/saktegåande kø fra Fagernes til Aurdal i Valdres. Dette er eit området som er ganske langt fra Beitostølen og enda lenger fra Hønefoss og Oslo. Ingen med vett i behold køyrer den vegen fra f.eks Hemsedal, og dei som er på Filefjell er så få at det nesten er ubetydelig. Sannsynligvis må det ha vore ei utforkøyring på vegen der, det var tross alt ganske uggent vær i området (som resten av Sør-Norge i går), men likevel - det skal ikkje, IKKJE korke i det området der. Det er i ingenmannsland. Eg tok Øst-VestXpressen fra Fagernes til Lillehammer, og vi brukte 50 minutt på ein avstand som tar ca. 15 minutt ved alt som måtte ligne på normal trafikk.
- Når vi da kom oss til E6 ved Vingrom/Biri, så var det saktegåande kø sørover. Da måtte eg le litt, for vi skulle nordover. Køen løyste seg nok litt opp ved Mjøsbrua, men likevel: Enda ein god grunn til å ikkje reise på påskeferie med bil fra Oslo - reis kollektivt. Bussen hadde nemlig ganske god plass, og det hadde toget eg tok fra Lillehammer til slutt og.
- Apropos tog - Første tog som gikk fra Lillehammer sørover mot Hamar i går, var toget fra Trondheim med avgang 18.45. Eg tenkte å prøve meg på dette toget (det går direkte til Hamar), men når det blir opplyst på stasjonen i det toget køyrer inn at toget er FULLT og folk uten plassbillett må ta neste tog (som gikk 19.20, det var altså snakk om ein god halvtime inkludert forsinkelsen på toget fra Trondheim), er det jo berre å la vere å prøve. Likevel er det litt morsomt med folk som prøver seg på toget sjølv om det allerede er opplyst om at toget er fullt.
- Og da, når eg kom meg på toget som gikk til Skien kl. 19.20 (altså, det stoppa både på Hamar, Gardermoen, Oslo før det går vidare mot Vestfoldsbyane), så var det jo der meir enn god plass på toget, for det toget køyrte med dobbelt togsett...
Det var altså ein liten utblåsing fra påskeferien 2007. Det har altså vore heilt greit, og eg har fått ein god påminnelse om at det å traske rundt på ski i påska, det kan eg la vere. Da er det bedre å gå fra seg på ski tidligare på vinteren, for da er det i alle fall ein ørliten sjans til at ein stakkar kan ha litt feste i oppoverbakken samt at ein slepp å knuse alle bein i kroppen når ein skal ned igjen...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar