mandag 27. august 2007

Dagen og verda.

Eg ser verda komme mot meg. Den sett gradvis ned farta, det går ikkje så fort lenger. Det er som om den gir meg ein mjuk start på dagen, denne lange og siste dagen, ønsker meg velkommen tilbake etter i går. Med denne stadig synkande farta blir ikkje samanstøytet så hardt. Den store verda ser ut til å ønske meg hell og lykke i dadg, den vil meg kanskje ikkje så vondt som i går, og gir berre eit lite dult i sida for å få meg til å vakne fra dvalen, reagere og registrere at det er ein ny dag på vent.

Eit lite dult for å få meg til å sjå opp og finne ut at dagen ser fin ut. Ny, urørt og full av nye moglegheiter, og det gjeld berre å vite korleis ein skal angripe dei. Det er ein lærdom som det ikkje er så greit å holde styr på, og ein kunst å vite av.

Den fine dagen går sin gang, og eit blikk utover gjer at eg ser at verda fortsatt er i bevegelse. Den står aldri stille, denne verda, men er ikkje lenger i stand til å gi meg dulten fra den tidlige morgonen. Eg er ein del av denne verda no, og ingen gir meg den nødvendige dulten for at alt skal gå bra til slutt. Kunsten å angripe dagen og moglegheitene rett har eg aldri mestra, og det som hjalp er ikkje til stades.

Og dersom ein sett ned farta blir ikkje samanstøytet så hardt.

2 kommentarer:

Unknown sa...

Oi.. Dette var.. kryptisk. Jeg liker kryptisk.

Og litt trist? Jeg tror jeg kjenner til det du beskriver. Iallfall på den måten jeg tolket det.

Katrine sa...

Kryptisk er gøy. Og veldig spennande. Hehe. Tolk som du vil. :)